Imponerande arbeid i Galdane

På Kongevegen i Lærdal er sherpaane no i full gang med å byggja opp att steinmurar som over tid har rasa saman. 

Akkurat no arbeidar dei i Galdane, nærmare bestemt i Laukebergbakken. Sherpaane er kursa i ein gamal murarteknikk kalla tørrmuring.

– Poenget er at Kongevegen over Filefjell skal sjå ut slik den gjorde på 1800-talet, ei tid lenge før spengstoff og betong vart brukt til å bygge norske vegar, seier Ole Kristian Åset i Statens Vegvesen.

Artikkelen held fram under biletet.

BRATT: Laukebergbakken er ei god stigning, og steinmuren må enkelte plassar vera opp mot fem meter høg.
BRATT: Laukebergbakken er ei god stigning, og steinmuren må enkelte plassar vera opp mot fem meter høg.

Rå handmakt

Tòrhallur Holmgeirson er prosjektleiar for sherpaane, men han ser ikkje på seg sjølv som det. – Eg er prosjektleiar på papiret, ja. Men her bidreg me alle saman for å få prosjektet i hamn, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ PAPIRET: Tòrhallur Holmgeirson er prosjektleiar på papiret, min jobbar heller saman med sherpaane enn å halde på med administrative oppgåver.
PÅ PAPIRET: Tòrhallur Holmgeirson er prosjektleiar på papiret, min jobbar heller saman med sherpaane enn å halde på med administrative oppgåver.

Vert det lange arbeidsdagar?

– Du veit, om du har ein familie på fem, så byrjar eigentleg arbeidet når ein kjem heim att. Me har jo fri på ettermiddagane og kveldane, fortel Holmgeirson. Arbeidsjernet frå Island meinar difor at dei har fine dagar her i Lærdalsdalen med Lærdalselva brusande ved sidan av.

Med hjelp frå spett, meisel og rå handmakt flyttar og hentar dei store kampesteinar som vert nytta i muringa. – Det er som å spela eit instrument. Du vrir og vendar på steinane for å få det til å bli bra, seier Nima Nuru Sherpa. Han er vand med slik jobbing frå landsbyen Khunde som ligg heile 3840 meter over havet.

Artikkelen held fram under biletet.

INSTRUMENT: Nima Nuru Sherpa samanliknar det å byggja steinmurar på gamlemåten med å spele eit instrument.
INSTRUMENT: Nima Nuru Sherpa samanliknar det å byggja steinmurar på gamlemåten med å spele eit instrument.

Full kontroll

Det er heller ikkje fyrste gongen han reiser til Noreg for å jobba. Dette er sjuande gongen han er her, og han har blant anna vore med å byggja steintrappa opp til Hallingsskarvet, hjulpe til i Skåri i Utladalen og på Gaustatoppen.

Det fører med seg ein del risiko med denne jobben?

– Dersom me klarar å handtere det, så er det ikkje farleg, seier sherpaen. Med gode idear og eit kreativt sinn jobbar dei jamnt og trutt gjennom heile arbeidsdagen, sjølvsagt innanfor arbeidsmiljølova og med påbode sikringsutstyr.

Lettare å gå i naturen

Det er fleire faktorar som gjer Kongevegen til eit viktig prosjekt. – Det vert lettare for folk å gå i naturen, og i tillegg kan ein leie vandrarane dit ein vil og slik sett skåne naturen meir, seier Holmgeirson.

Åset i Statens Vegvesen meinar det er viktig å ta godt vare på vegen for framtidig bruk, og syner samstundes til Vakre vegars pris som vart tildelt Kongevegen i januar i år.

LES OGSÅ: Kongevegen er vakrast i landet

Eit samarbeidsprosjekt med bedrifter frå Lærdal og Vang er no i gong, og formålet er å legga eit grunnlag for næringsliv rundt Kongevegen, spesielt innan reiseliv og turisme.

– Det handlar om å legga eit grunnlag for at ein kan få utvikla næringslivet langs Kongevegen slik at det får større kundegrunnlag og utfylla den opplevinga vandrarane har med mat, overnatting og opplevingar. Dette er ei moglegheit for næringslivet både i Vang og Lærdal, sa prosjektleiar Lisbeth Engebretsen til Porten.no i februar.

LES OGSÅ: Samarbeider om Kongevegen

Til toppen