I TVIL: Annike Vanberg (SV). Foto: Ole Ramshus Sælthun
I TVIL: Annike Vanberg (SV). Foto: Ole Ramshus Sælthun

Industri i Håbakken: - Skepsisen har breidd seg meir og meir

Medan Senterpartiet aldri har vore sikrare på at pelletsfabrikk i Håbakken er tingen, er SV-leiren sterkt i tvil.

Lærdal: - Det er veldig interessant når det skjer forsking og utvikling. Me har heller ikkje alle info enno, men skspsisen har breidd seg meir og meir hjå oss. Når me regulerer til industri lurer me på me me blir bondefanga eller ei. Planen blir utarbeidd for pelletsfabrikken. Me ser Ikkje heilt at Håbakken er rett for Eco Inowaste. Og me har tenkt frykteleg mykje.

Det sa Annike Vanberg (SV) då formannskapet torsdag handsama områdereguleringsplanen for Håbakken 2, det vil seia den delen av Håbakken Simas sin pelletsfabrikk er tenkt plassert.

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

- Vil liggja i framkant av noko heile Europa tenkjer på

Senterpartiet kunne ikkje ha vore meir ueinige med Vanberg, i følgje ordførar Jan Geir Solheim:

- Me er styrka i trua på prosjektet, og glade på vegner av Lærdal kommune at me får eit så fantastisk prosjekt. Me vil liggja i framkant av noko heile Europa tenkjer på. Skeptikarane er bekymra for røyk, støy og avrenning - her blir ryddige fakta lagt fram snart. Og me syns Håbakken er ei fantastisk plassering.

Les også: – This is the future

Les også: Folkemøte om Håbakken - Mange var litt skuffa

Kåre Mentz Lysne (Ap) låg i eit meir nøkternt ordelag, men varsla at dei ville gå inn for planen.

- Det vart eigentleg vedteke at ha industri i området då kommunedelplanen for Tønjum og Ljøsne vart vedteke. Og Ap er for fleire arbeidsplassar. No er ramma lagt for tiltaket som er tenkt der, så må dei laga ein detaljreguleringsplan. 

Trond Øyen Einemo (H) lurde på om utbyggjar må stå for tiltaka som skal gjerast eller om det er kommunen- Fungerande rådmann Alf Magne Hjellum opplyste at det var utbyggjar.

IKKJE I TVIL: Gro Starheimsæther og ordførar Jan Geir Solheim (begge Sp).
IKKJE I TVIL: Gro Starheimsæther og ordførar Jan Geir Solheim (begge Sp).

Øyen Einemo (H) lurde også på om ein kjem i konflikt med rekkjefølgjebestemmelsar ettersom reguleringa av Håbakken 1 blir utsett - eit område som skulle fyllast ut før ein bygde ut på nye områder.

Ordførar Solheim svara at dette ikkje var noko sak ettersom Håbakken 1 uansette har for lite arelplass til pelletsfabrikken. Øyen Einemo stussa på om det stilte seg annleis når ein var i ein reguleringsprosess som kan koma til å dra ut, mellom anna fordi det er noko uvisse rundt korleis Vegvesenet vil stilla seg til eventuell flytting av kontroillstasjonen.

I dette spørsmålet kom ikkje ordførar og varaordførar nærare kvarandre.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: – Naboane skal vera skadelause

46 dokument - planen er skjerpa inn

- Det er ei stor sak med 46 dokument. Eg har lese alt. Ein ting beit eg meg merke i - flaumutfordringar. Her kunne eg ønskja ei presisering, sa Lysne.

- Det var vore tema og regulert fleire gonger. Rådmannen kan innleia om dette i kommunestyret, sa Solheim.

Og der blir det endeleg avgjort 9. februar, men formannskapet vedtok regulering til industri av Håbakken 2 med fire stemmer, mot Vanberg si eine stemme - ho røysta forsiktig mot. Det låg ein del presiseringar og innskjerpingar som kom til etter høyringsrunden, mellom anna:

  • Det skal utarbeidast ein detaljplan som viser korleis elvekilen skal restaurerast og opnast opp att, og korleis vasstilførselen gjennom heile planområdet (del1 og del 2) skal sikrast.
  • Plan som klargjer korleis anleggsarbeid og drift skal tilpassast aktiviteten/drifta på pelsdyrfarmen i perioden mars – juni, pluss omsyn til støyskjerming av farmen».
  • Detaljplan i høve skjermingstiltak mot elva, pelsdyrfarm og eksisterande busetnad. Trafikkarel og areal utomhus skal utformast på ein slik måte at det ikkje gjev lys frå området, bilar mot elva (lysskjerming) og støyskjerming mot bustadar og pelsdyrfarmen.
  • Tiltak og plassering og ev. skjerming av tiltak slik at støy frå dei ulike støykjeldene kjem under dei tilrådde støygrensene

Les også: Dette er støygrensene

  • Før oppstart av arbeid, skal det utarbeidast ein plan for handtering, etterbruk og ny plassering av matjord frå området
Til toppen