Richard Storevik, Torbjorn Vereide og Jonas Gahr Store er einige om at nøkkelen til å foreina industri og miljø finst på Vestlandet.
Richard Storevik, Torbjorn Vereide og Jonas Gahr Store er einige om at nøkkelen til å foreina industri og miljø finst på Vestlandet.

MEININGAR

– Industri og klima. Dette får vi til saman

Klimaendringane er vår tids store utfordring - og innleggsforfattarane meiner at me treng eit fleirtal som har sterkare ambisjonar enn dagens regjering.

Vestlandet: Klimaendringane er vår tid si store utfordring. Det krev eit sterkare leiarskap. Framfor å dyrke forskjellane mellom industrien og miljørørsla, må vi heller foreine kreftene. Nøkkelen finn vi her på Vestlandet.

Heilt sidan slutten av 1800-talet har industrien vore synonym med den sosialdemokratiske bevegelsen og det organiserte arbeidslivet. Her i landet valde vi å satse på teknologi og kompetanse framfor snarvegar og dårlege lønningar. Lagspelet med fagrørsla har vore avgjerande. Det er viktig å ha med seg i møte med vår neste prøvelse.

Framfor å dyrke avstand mellom klimastreikande og industrien, må vi heller foreine kreftene.

Klimaendringane er vår tid si store utfordring, og vi treng eit fleirtal som har sterkare ambisjonar enn dagens regjering. Ikkje minst krev alvoret at vi får bukt med polariseringa i klimadebatten. Framfor å dyrke avstand mellom klimastreikande og industrien, må vi heller foreine kreftene. Satse på tiltak som verkeleg monner, og som inviterer alle til å vere med.

Havvind på norsk sokkel kan bli eit nytt industrieventyr. Vi har allereie verdas dyktigaste fagfolk innan offshore-teknologi og alle føresetnader til å bli ein stor produsent av havvind i heile verdikjeda. Det må gjerast i samspel med både marint og maritimt næringsliv. I løpet av dei neste ti-åra vil det vere fullt mogleg å no ti prosent av den globale havvindmarknaden med ei omsetning på over 50 milliardar kroner, men då må vi våge å satse no.

Nullutslepp krev ambisjonar, og det er på tide at vi får ein plan for tungtransport og skipstrafikk. Det same kan vi få til på norsk sokkel. Oljebransjen har saman med LO og NHO no lansert ein plan som skal nå nullutsleppsmålet innan 2050. Dette er mogleg dersom vi stiller opp med rammevilkår som gjer at næringslivet vårt får vere med. Då må vi bruke dei økonomiske musklane våre på å bidra i omstillingsindustrien.

Framfor å la utsleppa frå sementproduksjon, avfallsforbrenning og industripiper stige opp i atmosfæren, er det mogleg å lagre karbonet trygt 3000 meter ned i sokkelen vår.

Fangst og lagring av CO2 er mogleg! Framfor å la utsleppa frå sementproduksjon, avfallsforbrenning og industripiper stige opp i atmosfæren, er det mogleg å lagre karbonet trygt 3000 meter ned i sokkelen vår. Fangst og lagring av karbon vil vere eit betydeleg grep for å få ned utsleppa våre, og kan på same tid føre med seg ny aktivitet og teknologiutvikling.

Fellesskapet vårt sitter på enorme ressursar som vi forvaltar og investerer. Her kan vi dreie rattet med å sette meir av midlane inn i fornybar energi. Måten vi brukar 10 000 milliardar kroner på har politisk betydning. Vi kan gå i front for å bruke offentleg innkjøp til å skape marknader for berekraftige produkt og tenester.

Dette krev eit sterkare leiarskap. Enten så lukkast vi med å få ned utslepp og skape nye jobbar på Vestlandet, eller så lukkast ikkje Noreg. Her ligg mange av løysingane for Vestlandet, men også for store delar av Noreg.

Til toppen