SATSAR: Arbeidarpartiet ønskjer å satsa på industri i Sogn og Fjordane. Foto: Arkiv.
SATSAR: Arbeidarpartiet ønskjer å satsa på industri i Sogn og Fjordane. Foto: Arkiv.

Industrisatsing frå Ap

- Industriutvalet føreslår politikk som ikkje minst vil gagne Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

Ho siktar til Arbeidarpartiet sitt industriutval som vart sett ned etter initiativ frå Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Innstillinga, som vart presentert i dag, går inn i arbeidet med nytt partiprogram for 2017-valet.

Treng tydlege alternativ til offshore-industrien

- Sogn og Fjordane er eit industrifylke frå Måløy til Årdal, Stryn til Gulen. Vi treng eit Ap som både vågar å snakke om industri og som jobbar grundig med kva ny industrivekst krev av politikk, seier Hilmar Høl, leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Han oppmodar alle med interesse for industriutvikling om å lese innstillinga, og gjerne kome med innspel og tilbakemeldingar.

Begge understrekar den alvorlege ramma rundt industriutvalet sitt arbeid:

- Vestlandet er hardt råka av offshorenedgangen. Folk treng å sjå at det finst alternativ til ei passiv «vi får sjå kva som skjer»-haldning.

Raud tråd

Innstillinga tek føre seg heile breidda av industriell produksjon, inkludert marine og maritime næringar, den nye bioøkonomien og kraftforedlande industri. Teknologisk utvikling er ein raud tråd.

- Framlegget om å etablere eit norsk toppindustrisenter er viktigare enn det kan høyrast ut som. Dette har vore etterlyst av dei fremste innanfor kunnskapsbasert industri, seinast av sjefen i Kongsberg Gruppen. Senteret skal kople kompetanse og ny teknologi på tvers av bedrifter og bransjar, og vil – saman med kraftig styrking av den næringsretta forskinga, auke innovasjonskrafta som er så viktig for framtida, seier Heggø.   

Eit anna framlegg ho har stor tru på, er ei statleg garantiordning for større investeringar i industrien. Og ho peikar på eitt av punkta med størst direkte betydning for fylket:

- Utvalet går inn for ein modell der den kraftforedlande industrien blir behandla likt uavhengig av kor i straumnettet den enkelte bedrifta er tilknytt. Dette vil ha få mykje å seie for stader som Bremanger og Høyanger.

Høl er oppteken av at dei norske kraftressursane i langt større grad må brukast til industriutvikling her, framfor å eksporterast som straum.

- Det er ei lette å sjå at dette blir så sterkt understreka av utvalet, som òg er konkret på det som gjeld auka hydrogenproduksjon.

Til toppen