MOT INFLUENSATOPP: Utbrotet vil truleg bli mindre kraftig enn sist vinter, likevel vil mange bli sjuke når influensatoppen snart kjem. 
MOT INFLUENSATOPP: Utbrotet vil truleg bli mindre kraftig enn sist vinter, likevel vil mange bli sjuke når influensatoppen snart kjem.  (Arkiv)

Influensatoppen nærmar seg – mange kjem til å bli sjuke i jula

Influensasmitten vil auke inn mot jul, men det store utbrotet kjem truleg ein gong etter nyttår, ifølgje Folkehelseinstituttet. 

NPK-NTB: – I dei fleste delane av landet er det førebels svært låg influensaaktivitet. Vi ser likevel ein liten auke veke for veke som tyder på at eit utbrot er på trappene. Mange vil truleg bli sjuke i jula, men det er nok først etter nyttår flest vil bli ramma, seier avdelingsdirektør Siri H. Hauge i Folkehelseinstituttet.

Virustypane som førebels er i sirkulasjon i Noreg er A (H3N2) og influensa B/Yamagata, som særleg ramma dei eldre i fjor.

– Det er dei eldre aldersgruppene som i størst grad blir alvorleg sjuke av influensa A (H3N2) og influensa B/Yamagata. Sjukehusinnleggingar og dødsfall kan forventast, seier Hauge.

Undersøkingar tyder på at store delar av befolkninga hadde godt vern mot influensatypane A (H1N1) og A (H3N2) før sesongstart, noko som tyder på at utbrotet i år blir mindre kraftig med færre sjuke enn sist vinter.

Hauge understrekar at vaksine er den beste måten å førebyggje influensa på, sjølv om vaksinen i år ikkje beskyttar like godt mot virustypane som no sirkulerer i Noreg.

– Vaksineeffekt mot influensa A (H3N2) og influensa B/Yamagata er venta å vere låg til moderat. For personar i risikogruppene er det likevel viktig å vaksinere seg, seier han.

Til toppen