TAP: Det blei inga poeng til Årdal FK, då dei spela mot Skedsmo laurdag. Foto: Kaja Nygård
TAP: Det blei inga poeng til Årdal FK, då dei spela mot Skedsmo laurdag. Foto: Kaja Nygård

Inga poeng for Årdal FK

Det blei inga poeng for Årdal FK, då dei spela mot Skedsmo på heimebane. 

Årdal: Laurdag ettermiddag spela Årdal FK mot Skedsmo på Jotun Stadion. Skedsmo scora flest mål i kampen og kunne reise heim med 3 poeng. 

Årdal FK - Skedsmo: 1-3

Etter 17 minutt scora monsertspissen til Skedsmo, Didrik Mostue, kampens første mål. Berre 7 minutt etter første mål, scorar Skedsmo endå eitt. Denne gongen er det Ludvig Benko. Like før første omgang var over scorar Skedsmo sitt siste mål for kampen. 

-  Dei to første måla må me ta på vår eiga kappe. Mostue hadde eit ekstremt bra mål. Det tredje målet var slurv frå vår side, fortel trenar Ivan Øy. 

Øy fortel vidare at Skedsmo var effektive og gode, spesielt i første omgang. 

Årdal FK fekk ikkje inn nokon mål i første omgang og gjekk då til pause 0-3. 

- Spelar bedre i andre omgang

I andre omgang får Årdal FK straffe. Denne er det Preben Strypet som tek og heimelaget reduserer til 1-3. 

- I andre omgang spelar me bedre. Me torer meir og får då fleire sjansar, men me er framleis for lite effektive. 

Etter omlag 58 minutt kjem den tidlegare Årdal Fk spelaren, Robin Moheim, inn på bana. 

Artikkelen held fram under bilete

BYTTE:  I andre omgang kjem den tidlegare Årdal FK spelaren, Robin Moheim, inn på bana.
BYTTE:  I andre omgang kjem den tidlegare Årdal FK spelaren, Robin Moheim, inn på bana.

Trenar øy fortel at Årdal Fk viser at dei har gode spelarar. 

- Blant anna Hovland, Øvstetun og Rode viser at dei er gode. i tillegg tek Strypet ein sikker straffe. 

Bestemannsprisen under denne kampen gjekk til Truls Hovland. 

Stedje skada kneet 

Under ein duell i første omgang, skada Christian Stedje kneet. Han blei då bytta ut og inn kom Ole Gunnar Kjødnes. 

- Me tar dei neste dagane for å sjå korleis skaden er, men akkurat no ser det ikkje godt ut, avsluttar Øy. 

 

 

Til toppen