FLYTTAR SNART HEIM: Ingeborg Hunderi (85) ser fram til å flytta inn i sin nye heim etter at den gamle brann ned i storbrannen i Lærdal i januar. Foto: Anne Karin Skjær.
FLYTTAR SNART HEIM: Ingeborg Hunderi (85) ser fram til å flytta inn i sin nye heim etter at den gamle brann ned i storbrannen i Lærdal i januar. Foto: Anne Karin Skjær.

Ingeborg (85) ser fram til å flytte inn i nytt hus

Ni månadar etter at storbrannen i Lærdal herja kan Ingeborg Hunderi endeleg flytta inn i ein ny heim.

Det har gått ni månadar sidan storbrannen i Lærdal. Ingeborg Hunderi mista alt ho eigde i brannen og har sidan 19. januar budd hjå familie i Årdal. Der har ho hatt det godt, men no ser ho fram til å flytte inn i nytt hus. 

Brannen i Lærdal råka familien til Ingeborg sterkt. Både ho og dottera mista husa og alt dei eigde, men etter ni månadar kan den spreke 85-åringen sjå tilbake på ei hektisk tid. 

Sjølv om den tragiske brannen tok frå ho alt ho eigde av materielle ting, er ho no klar til å flytte inn i nytt hus. I perioden etter brannen har ho budd hjå familien på Årdalstangen og brukt mykje av tida til å planleggje framtida. 

I hus til jul

No er snart det nye huset klart, og det skal byggjast opp att på den gamle tomta. 

– Det skal stå på same staden, men huset blir utan kjellar. Slik som det ser ut no, reknar eg med å flytte inn i god tid før jul, fortel Ingeborg til Porten.no, og legg til at det totalt var fem av husa hennar med stort og smått, som brann ned. 

Forutan eit bakstehus og ein garasje, forsvant det gamle hønsehuset. Ingeborg fortel at ho har mange gode minner frå tida då ho hadde høner.

Likevel dvelar ho ikkje ved fortida, for Ingeborg har for lengst funne ut at det beste er å sjå framover. 

Dokumentarfilm over nyttår

I laupet av veka blir Ingeborg travelt oppteken med å handle inn nye møblar. Medieinteressa har vore stor, og TV 2 blir med når ho kjøper inn nye ting til huset.

– Eg har alt funne kva seng og salong eg skal ha, og filmselskapet vil vere med meg på handling denne veka. Dei viser dokumentarserien over nyttår, og det blir spanande, medgir 85-åringen. 

Sjølv om Ingeborg ser fram til å flytte inn i det nye huset, innser ho at alt blir nytt og framand. Det einaste som dukka opp etter at huset var nedbrunne, var ei gamal kjøttkvern og noko av ei symaskin.

I tillegg fann barnebarnet hennar Frode ei namnenål, som ho tidlegare brukte i arbeidet sitt på sjukehuset. 

Ein godt bevart fløytemugge er likevel det kjæraste minne ho har frå tida før brannen. Denne vil ho bruke i den nye heimen når det kjem kaffegjester.

Til toppen