AURLANDPRISEN: Ingeborg Lunde fekk torsdag utdelt Aurlandprisen for 2016 for arbeidet ho har gjort spesielt innanfor kultur i Aurland. Foto: Aurland kommune.
AURLANDPRISEN: Ingeborg Lunde fekk torsdag utdelt Aurlandprisen for 2016 for arbeidet ho har gjort spesielt innanfor kultur i Aurland. Foto: Aurland kommune.

Ingeborg Lunde fekk Aurlandprisen

«Ingeborg Lunde - ei føregangskvinne som har teke vare på, utøvd og fremja kultur på ein måte som har sett varige spor langt utover Aurland sine grenser.»

Aurland: Slik innleiar grunngjevinga for at Ingeborg Lunde vart tildelt Aurlandprisen for 2016 i kommunestyret torsdag. 

I heile sitt liv har ho vore ei aktiv kvinne som har vist stort samfunnsengasjement, spesielt innanfor kultur. Lunde flytta tilbake til Aurland etter eit opphald i England i 1951.

I 1967 opna vegen til Lærdal, og same året opna Lunde Camping. Mange turistar kom til Aurland, og det var turistane som først spurte etter vevde teppe. Ingeborg byrja så smått å veve sjølv, og det vart starten på historia om Bestemors Vevstove. 

I 1968 vart Ingeborg fylkespolitikar i Sogn og Fjordane og sat der i åtte år. I 1976 vart ho valt inn i Kulturstyret i fylket, og dei skulle stake ut kursen for framtida si vidare kultursatsing i fylket.

I 1979 vart Ingeborg valt inn i kommunestyret, og vart så leiar i Kulturstyret i åtte år. I denne perioden skjedde det mykje på kulturområdet. Musikk og kulturskulen vart starta opp. Aurlandsmarsjen vart for første gong arrangert under Kulturdagane 26. juni i 1981. Året etter i 1982, vart marsjen lagt til siste helga i juli slik den no gjer etter 36 år. Det var Ingeborg Lunde som fekk ideen om å arrangere Aurlandsmarsjen, og saken vart vedteken i Kulturstyret.

I 1979 kom Kulturdagane til i Aurland, og då tok ho utfordringa og vart leiar for desse dagane. Dette var med på å setje Aurland på kartet.

 – Me er stolte over å kunne heidre innsatsen til Ingeborg Lunde med Aurlandsprisen for 2016.

Les heile grunngjevinga på Aurland kommune sine nettsider

Til toppen