VERT IKKJE HENTA: Simas opplyser at søppelet ikkje vert henta torsdag og fredag. – Me har jobba for å ta over dette arbeidet i eigenregi. Då treng me avtale med buet om at dei ikkje trer inn i kontraktane eller transporterer desse vidare til andre aktørar, men dette har me ikkje lukkast med, seier direktør Hallvard Thomassen.
VERT IKKJE HENTA: Simas opplyser at søppelet ikkje vert henta torsdag og fredag. – Me har jobba for å ta over dette arbeidet i eigenregi. Då treng me avtale med buet om at dei ikkje trer inn i kontraktane eller transporterer desse vidare til andre aktørar, men dette har me ikkje lukkast med, seier direktør Hallvard Thomassen. (Bilde: RenoNorden)

Ingen avtale på plass om søppelhenting: – Oppfattar det som forsøk på utpressing

Det blir ikkje henta avfall på rutene som går torsdag og fredag, opplyser Simas. 

Kaupanger: Seinast onsdag skreiv Porten.no at Simas framleis jobba med avklaringar for henting av søppel etter at RenoNorden gjekk konkurs måndag.

Det er to kontraktar det har vore snakk om. Den eine er knytta til innhenting av hushaldningsavfall og den andre er for henting av container. Konkursbuet har no stoppa innkøyringa til SIMAS. Dette etter at det ikkje vart oppnådd semje rundt forholda med innkøyring fram til endeleg avklaring, fortel direktør i Simas, Hallvard Thomassen.

– Bustyret har gitt beskjed om at vidare drift er avhengig av at SIMAS seier frå seg alminnelege kontraktsrettslege rettar og plikter i avtalen. Dette oppfattar me som forsøk på utpressing frå buet si side, seier Thomassen.

– Stopp i oppdraget ser me på som eit vesentleg brot på kontrakten. Simas vil no krevje kontrakten heva. Simas krev også at buet uten ugrunna opphald tek stilling til om buet vil tre inn i RenoNorden sin avtale.

Må ha avtale med buet på plass

Konsekvensen i første omgang blir at det ikkje vert henta avfall på rutene som går torsdag og fredag. 

– Dette beklagar me på det sterkaste. Me jobbar hardt for at ulempene vert minst mogleg, men kan ikkje garantere kva løysing som kjem på bordet. Me har jobba for å ta over dette arbeidet i eigenregi. Då treng me avtale med buet om at dei ikkje trer inn i kontraktane eller transporterer desse vidare til andre aktørar, men dette har me ikkje lukkast med, seier Thomassen.

Han seier det vil koma meir informasjon i løpet av dagen og ber folk følgje med på heimesidene til Simas eller på Facebook. 

Til toppen