– Ingen basar, ingen turnering

– Ingen basar, ingen turnering

Nesten så enkelt kan ein seia det når ÅTIL skal ha handballbasar i helga, der pengane skal brukast til Ål-cup i slutten av april.

I slutten av månaden har samarbeidslag innan handballen i ÅTIL og Jotun tenkt seg på Ål-cup, og for at turen skal bli rimelegast mogleg for deltakarane, arrangerer ÅTIL basar komande søndag i Tangenhallen.

– Me tek opp att tradisjonen med å ha basar etter at det ikkje var i fjor. Hovudårsaka til at me gjer dette er for å få spelarane våre på turnering, seier Ingvill Eldegard.

Pengane som vert samla inn på basaren dei siste åra har vore ei viktig inntektskjelde for handballen. Difor kan ein litt enkelt seia at utan basar, blir det inga turnering.

– Eller så blir eigenandelen dyr. Me vil at flest mogleg skal med, og då må me ned med prisen, legg Eldegard til.

Godt samarbeid

Jotun har allereie hatt sin basar tilbake i desember. På grunn av små kull må dei to idrettslaga i kommunen samarbeide tett for å ha lag å stille med.

– Me har samarbeid på nesten alle aldersbestemte lag. Det er kanskje eit par lag som ikkje har samarbeid. Det må til for å få nok spelarar, både på gute- og jentesida. I år er det nye at me prøver å tilstreba oss å ha like avgifter når me skal på tur, slik at det ikkje skal vera nokon forskjellar kva lag ein spelar på.

Ei hektisk helg går Eldegard og Vibeke Rinde i møte no, men dei to fortel at det har vore ein fryd å samla inn premiar som bedrifter i Årdal ha sponsa.

– Me er veldig krye over at alle bedrifter i Årdal har vore superkjekke. Det var moro å gå. Det verste ein veit er jo å gå rundt å tigga, men alle bedriftene har vore veldig flinke, seier Rinde. 

Flotte premiar og givarglede

Dei to fortel at dei har fått inn mange flotte premiar, blant anna gassgrill, sykkel og kaffimaskin.

– Me har passa på at me har premiar for alle, både ungar, menn og kvinner i alle aldrar, så det er absolutt verdt å kjøpa eit lodd, smiler Rinde.

Givargleda forklarar dei slik:

– Eg tur det er fordi dei veit at det er ungane som får reisa på turnering, seier Rinde.

– Ja, det er det som er det viktige her. Dette går til ungane, og det er det verdt å sponsa fordi idrett er sunt, legg Eldergard til. 

Til toppen