IKKJE STØTTE: Kulturrådet har delt ut over 50 millionar kroner til musikkfestivalar i 2016, men Målrock er ikkje å finne på lista. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
IKKJE STØTTE: Kulturrådet har delt ut over 50 millionar kroner til musikkfestivalar i 2016, men Målrock er ikkje å finne på lista. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Ingen festivalmidlar til Målrock frå Kulturrådet

Kulturrådet har delt ut over 50 millionar kroner til 114 musikkfestivalar for 2016.

Årdal: I alt 96 festivalar har fått støtte frå festivalordninga, der 16 av desse har fått fleirårig støtte, fortel Kulturrådet i ei pressemelding. I tillegg har 18 festivalar fått støtte frå musikkarrangørordninga. Til saman er det delt ut 52,4 millionar kroner.

Blant desse finn ein ikkje Målrock-festivalen som går av stabelen i Årdal kvar andre helg i august. Det overraskar festivalsjef Katrine Clausen Fredheim.

SKUFFA: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim seier ho er litt skuffa og overraska over at Kulturrådet ikkje gir støtte til Målrock-festivalen i år. Arkiv
SKUFFA: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim seier ho er litt skuffa og overraska over at Kulturrådet ikkje gir støtte til Målrock-festivalen i år. Arkiv

– Eg er litt overraska og skuffa fordi me kom inn att i fjor etter å ha vore mange år utan støtte. Me søkte om midlar, og eg trudde det var gode sjansar, fortel ho.

I fjor fekk Målrock-festivalen 100 000 kroner i støtte frå Kulturrådet. Dette utgjer berre ein brøkdel av det totale budsjettet på over fire millionar kroner, men betyr likevel mykje.

– Det er jo ikkje den største pengesummen, men det er ei anerkjenning av den jobben ein gjer, som betyr mykje for oss. Det gir oss moglegheit til å satse litt hardare og jobbe litt med andre typar ting, som å tilby meir for ungdom og gjera prosjekt liknande dei me hadde i 2015, seier ho vidare.

Fredheim ser ingen direkte konsekvensar akkurat no, men fortel at dei må gjennomgå budsjettet og sjå kva dei kan gjera. 

– Det er planlagt at festivalen skal vare frå onsdag til laurdag. Det er rammene, og så kan det henda me må finna 100 000 ein annan plass. Eg veit ikkje årsaka til at me ikkje får støtte, men me skal jobba hardt og gjera det til ei dritbra helg likevel og overbevisa Kulturrådet at det er feil ikkje å støtte oss, smiler ho. 

I Sogn og Fjordane er det berre Gloppen Musikkfest, Balejazz og Utkant som har fått støtte. 

Til toppen