STENGT: Årdal – Tyin stengte rundt klokka 15 tysdag, samstundes vart det innført kolonne på Hemsedalsfjellet. Foto: webkamera, Statens Vegvesen
STENGT: Årdal – Tyin stengte rundt klokka 15 tysdag, samstundes vart det innført kolonne på Hemsedalsfjellet. Foto: webkamera, Statens Vegvesen

Ingen fjellovergangar opne for fri ferdsel

Uvêr skapar trøbbel på fjellovergangane første vårmånaden.

Årdal/Lærdal: Vegtrafikksentralen twitrar rundt klokka 1515 at det er innført kolonne på rv. 52 Hemsedalsfjellet og at fv. 53 Årdal – Tyin er stengt. Årsaka er altså uvêr.

Rett over klokka 1530 twitrar Vegtrafikksentralen på ny, denne gongen at fv. 50 Hol – Aurland også er stengt; her har det vore kolonne sidan tysdag morgon etter at overgangen vart stengt måndag kveld, men på ettermiddagen tysdag vart altså vegen stengt på ny.

Litt over klokka 20 kom også meldinga om at det er innført kolonnekøyring på E16 Filefjell.

Til toppen