JORDBRUKSAVTALE: Anders Felde meiner at jordbruksavtalen ikkje er god, men at dei har fått gjennomslag på viktige saker. Foto: Arkiv
JORDBRUKSAVTALE: Anders Felde meiner at jordbruksavtalen ikkje er god, men at dei har fått gjennomslag på viktige saker. Foto: Arkiv

– Ingen god jordbruksavtale, men me støttar signeringa

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, meiner at jordbruksavtalen ikkje er god, men at dei har fått gjennomslag for viktige ting. 

Indre Sogn: Søndag klarte Noregs Bondelag å forhandle seg fram til ei totalramme på 350 millionar kroner. I tillegg blei målprisen auka med 190 millionar kroner og budsjettstøtta blei auka med 100 millionar kroner.

Anders Felde meiner at det ikkje er ein god avtale, men at dei har fått gjennomslag for nokre viktige ting.

- Me har klart å få snudd budsjettpengane frå minus 70 millionar kroner til pluss 100 millionar kroner.

Gjennomslag for viktige ting

- Me har fått på plass distrikttilskot for frukt og bær. Dette er veldig bra og svært viktig.

Han legg til at dei også har fått på plass driftstilskot for produksjon av storfekjøt og mjølk.

- Me har også fått husdyrtilskot for sau og storfe, noko som er viktig for småbruka.  

Felde fortel at dei har fått gjennomslag på nokre av utfordringane dei forhandla om, men at dei framleis har ein lang veg å gå.

- Me har nokre utfordringar som me framleis må jobbe med, avsluttar han.

 

 

Til toppen