INGEN GREP INN: Julie (16) vart mobba på Lærdalsøyri skule, men då ho gjekk til dei vaksne, var det ingen som greip inn. Foto: Privat.
INGEN GREP INN: Julie (16) vart mobba på Lærdalsøyri skule, men då ho gjekk til dei vaksne, var det ingen som greip inn. Foto: Privat.

Ingen greip inn då Julie (16) vart mobba

16 år gamle Julie Melheim Neshagen tykkjer ikkje det er rart at Lærdalsøyri Skule nyleg  hamna på lista over dei 250 skulane i landet med høge mobbetal over fleire år.

Det var Aftenposten som tysdag førre veke offentleggjorde lista over skulane. Staten har peika ut dei om lag 250 skular i Noreg som har hatt høge mobbetal over fleire år.

Eigarkommunane må som følgje av dette rapportere om strakstiltak. Lærdalsøyri skule er ein av skulane på denne lista, og det går fram av oversikta at heile 20,4 % av dei som har svart på granskinga har opplevd mobbing.

Dette svarar til at 1 av 5 har vorte mobba eller vore vitne til mobbing.

Julie var sjølv elev ved skulen i to år, før ho våren 2014 flytta til Florø. Ho fortel openhjartig til Porten.no om mobbinga ho vart utsett for.

– Då eg byrja på Lærdalsøyri skule hadde eg ein del bagasje. I ei lita bygd der alle kjenner alle tok det ikkje lang tid før mobbarane fann ut av dette, og begynte å bruke det mot meg. Allereie fyste veka gjekk eg til ein lærar og gav beskjed fordi eg mislikte måten dei andre elevane handsama meg på.

Verbal mobbing

– Sjølv om det "berre" var verbal mobbing, så kjem ein til eit punkt der ein får nok. Nok av å få dritt slengt etter ein, nedlatande blikk, stygge kommentarar og utestenging. Då eg kom til det punktet, reagerte eg med å slå ein person. Eg veit det var feil, men kva skulle eg gjere? Skulle eg berre stå der og ta imot all driten? Det var ingen der som hjelpte meg.

Julie fortel at det stort sett dreia seg om verbal mobbing, men at dette truleg gjorde meir vondt enn om dei hadde slått ho.

Ingen reagerte

Når me spør Julie korleis lærarane reagerte på mobbinga, svarar ho oppgitt medan ho som smått ler.

– Det var ingen som reagerte, ingen som viste interesse. Mobbinga vart handtert dårleg, dersom den i det heile tatt vart handtert. Gong på gong sa dei at "no skal det verte betre", men ingenting vart gjort. Eg opplevde at ingen tok meg seriøst, at ingen eigentleg brydde seg om at eg hadde det vanskeleg.

Mobbinga gjekk så langt at Julie, saman med mora, kalla inn til møte med rektor Ivar Fykse og kontaktlærar, for å finne ei løysing på alle problema. På dette møtet var òg barnevernet og psykologen til Julie til stades, men heller ikkje dette fekk lærarane til å gripe inn når den unge jenta vart mobba.

– På møtet lova dei meg ein betre skulekvardag. Eg fekk nok ein gong høyre at alt skulle verte betre, og at eg kunne sleppe og grue meg til å gå på skulen kvar dag. Men framleis skjedde det ingenting, og dagen etter møtet var alt som før igjen.

Framleis bekymra

16 år gamle Julie har no flytta frå Lærdal for å gå på skule, men ho kjenner likevel ein klump i halsen kvar dag.

– Eg tenkjer på det stadig vekk. Skulekvardagen min er betra, og no har eg det kjempefint. Men veslesystera mi går framleis på den skulen, og eg bekymrar meg kvar dag for at ho skal oppleve det same som meg. Det er vondt å tenke på at andre må gå gjennom det same som meg, berre fordi ingen bryr seg nok til å få ein stopp på mobbinga.

Vil ha slutt på mobbinga

Mobbinga påverka store delar av livet til den 16 år gamle jenta, og i løpet av eit halvt år hadde ho 40 fråversdagar. Dette fordi ho viste kva som venta ho på skulen, og at ho rett og slett ikkje makta å møte mobbarane.

Når Julie no vitjar mora i Lærdal, unngår ho kontakt med gamle lærarar og medelevar, og tykkjer det er trist at ho ikkje sit at med gode minner frå tida på Lærdalsøyri skule.

– Det er trist, og absolutt ikkje sånn det skal vere. Det einaste som hjelpte for meg var å kome seg vekk frå bygda. No ynskjer eg å fortelje mi historie sånn at nokon skjønner korleis situasjonen er og kanskje vel og ta tak.

– Mitt største ynskje er at mobbeofra vert høyrd og tatt seriøst, og at mobbinga vert tatt tak i. Eg unnar ingen å ha det sånn som eg hadde det.

Til toppen