INGEN KRISE: Jørgen Asperheim held det han lova, og til jul kan du kjøpe fjelledelgran hjå han. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
INGEN KRISE: Jørgen Asperheim held det han lova, og til jul kan du kjøpe fjelledelgran hjå han. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ingen juletrekrise i år

Hugsar du juletrekrisa i fjor? I år treng du ikkje å få jula øydelagt på grunn av manglande tre. 

Årdal: På den fyrste dagen i dette året skreiv Porten.no om årdølen Jørgen Asperheim som lova å ha klar juletre til jula 2015. Dei fleste hugsar oppstyret nokre få dagar før julafta 2014, då juletreselgjarane uteblei frå bygda. Desperasjonen bygde seg raskt opp hjå dei som ikkje fekk tak i juletre, og mange skaffa seg juletre i plastikk for å fylle tomrommet.

Les også: Han skal bidra til å sikre deg juletreet neste jul

No kan Asperheim bekrefta at årdøler slepp å gå ei trelaus jul i møte. Han kjem til å kjøpe inn fjelledelgran frå ein produsent i Lærdal, for deretter å selgje dette på torget både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. 

– Folk kan også ringe å bestille tre, og komme å hente det sjølv, seier han.

Sjølvplukk

Det er Asperheim sjølv som plukkar ut trea som han skal selgje vidare. Trea går gjennom ein solid kvalitetstest, for seimsdalsbonden veit kva han er ute etter. 

Den same strenge kontrollen har han på sine eigne tre som no har byrja å strekke seg oppover. Dei fyrste grantrea planta han i 2013, og har utvida med større områder både i 2014 og i år. Når dei fyrste juletrea er klare til hogst om tre til fire år, kan han plante om dette området med nye tre og få ei jamn rullering og aldri gå tom for grantre.

– Eg reknar med at det vert rundt 1000 tre klare kvart år.

Artikkelen held fram under biletet.

Jørgen Asperheim har planta over 2000 juletre på garden.
EDEL: Her veks fjelledelgran, og ein av desse kan bli din om 3-4 år.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Tett og grøn

Asperheim er bevisst på kva folk ynskjer seg av juletre, og jobbar hardt med å tilpasse trea til etterspurnaden. 

– Eit juletre skal vera symmetrisk, tett og irrgrøn, og samstundes vara lenge utan at det drysser for mykje. 

TETT OG GRØN: Ei perfekt fjelledelgran skal vere tett, irrgrøn og symmetrisk. Det krev mykje oppfølging frå juletreprodusentane.
TETT OG GRØN: Ei perfekt fjelledelgran skal vere tett, irrgrøn og symmetrisk. Det krev mykje oppfølging frå juletreprodusentane.

Fleire av dei unge, lovande juletrea på garden har allereie fått sin fyrste pleie. Når det blir fleire greiner som kjempar om å vera toppen av grana, er det viktig å klippe ned dei som ikkje skal vera der. Nokre av greinene må også tvingast i riktig posisjon, då ved hjelp av ledningsstumpar, slik at det vert symmetrisk. 

Med over 2000 komande juletre på garden, har Asperheim nok å henge fingrane i. Han reknar med at det kjem andre juletreselgjarar til torga i Årdal før jul, og er glad for å kunne tilby det han lova på Porten.no tidleg i år, nemleg å bidra til at  alle får seg juletre til denne jula. 

Til toppen