FORTVILER: Mahatma Otoo fekk eit etterlengta innhopp i skadefråvêret til Ole Amund Sveen. Men sjølv om han viste friske takter, heldt det ikkje heilt til å dra sigeren i land.
FORTVILER: Mahatma Otoo fekk eit etterlengta innhopp i skadefråvêret til Ole Amund Sveen. Men sjølv om han viste friske takter, heldt det ikkje heilt til å dra sigeren i land.

Ingen lag spelar oftare uavgjort: – Sure poeng å tapa

Etter to poengdelingar på rad toppar Sogndal no eliteserietabellen, vel og merke dersom du sorterer etter uavgjortkampar.

Sogndal - Stabæk: 1-1

Ti uavgjorte kampar har det blitt, på tjueto serierundar. Det er noko alle som spelar på oddsen bør merke seg, om dei ikkje har gjort det allereie. Ti uavgjorte er òg èin meir enn Start, noko som avslører at det ikkje er nokon gjev tittel Sogndal kjempar om.

Mot Stabæk i dag var sigeren i lomma i ni korte minutt. Likevel kjentest det som eit ran då utlikninga kom.

SAKNAR KYNISME: 
SAKNAR KYNISME: 

– Det er sure poeng å tape dette her, seier trenar Eirik Bakke etter kampen.

– Greitt at me får ein i mot

Helga før glapp sigeren minuttet før slutt. No etterlyser trenaren litt meir kynisme i dei avgjerande situasjonane.

Samstundes minner han om at dei òg har greidd å ro i land nokre knappe sigrar, både mot Vålerenga, dagens motstandar Stabæk og to gonger mot Haugesund.

– I dag òg fortener me å vinna, men når du slepp folk gjennom frå midten på den måten som me gjer på scoringa, då er det greitt at me får ein imot. Det blir me straffa for mot ein slik spelar som Meling. Me veit han kan gjere det, då må me berre ta han ned, om det er utan ball eller ikkje, seier Bakke.

Saknar kynisme og råskap

Også målscorar Ramsland føler uavgjort mot Stabæk som eit tap.

– Med litt flyt kunne vi ha leia med fire mål til pause. Det er frustrerande å ikkje score, men til slutt får vi målet vi treng og då bør vi vinne kampen òg, seier han.

Som trenaren føler han at Birger Meling fekk vel fritt leide på utlikninga, sjølv om det opplagt var ein flott prestasjon.

– Tidlegare i sesongen har vi vore veldig gode når vi leiar kampane. Vi har vore smarte, kyniske og ikkje teke for store sjansar. Eg veit ikkje, i dag saknar eg kanskje litt kynisme og råskap. Berre riv han ned. Det blir altfor enkelt, seier Ramsland.

SOLID PÅ TOPP: Mot Stabæk spelte Martin Ramsland ein av sine betre kampar til no for Sogndal. Han saknar råskapen og kynismen som har kjenneteikna laget tidlegare i sesongen. 
SOLID PÅ TOPP: Mot Stabæk spelte Martin Ramsland ein av sine betre kampar til no for Sogndal. Han saknar råskapen og kynismen som har kjenneteikna laget tidlegare i sesongen. 
Til toppen