Sogndal: Sogndal Filmfestival har i år fått inn rekordmange bidrag frå heile landet. Det betyr at kvaliteten er høgare enn nokon gong, men samstundes at det er vanskelegare for dei lokale talenta å nå opp.

Festivalsjef Sunniva Breidvik tykkjer det er dumt at det vart ingen vinnarar frå Sogn denne gongen.
– Vi tenkjer det er positivt at filmfestivalen, som i utgangspunktet var lokal, har blitt sett litt på kartet nasjonalt. Det er litt synd at sogningane ikkje får vist seg fram, men det er jo ein av konsekvensane.
Les også: Han er ein av ti som kjempar om gjev pris på filmfestival
Ho seier det ikkje ligg ei bevisst satsing bak det faktum at dei er i ferd med å bli ein nasjonal festival for ung kortfilm.
– Eigentleg ikkje. Vi har berre prøvd å marknadsføre oss sjølv gjennom Facebook og på ein eller annan måte så har vi nådd fram til dei som satsar på film på høgare utdanningar, seier Breidvik.
– Kva må til for at fleire lokale når opp til neste år?
– Eg føreslår at vi sogningar berre held fram å sende inn filmar og står på, så er eg heilt sikker på at det òg er mange gode filmar herifrå som kan bli vist fram på filmfestivalen, seier festivalsjefen.
Prisvinnarane:
- Junior: Pelle oppå Heida av Rubert Flatjord Kjøsnes
- Senior: Oslo Traffic av Marta Huglen Revheim
- Sportsfilm: Vår beste dag av Matias Myklebust
- Dokumentar: Hjartebarn av Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad
- Etterarbeid: The letter av Simon Gjerde Tonev
- Regi og manus: The letter av Simon Gjerde Tonev
- Beste film: - Hjartebarn av Silje Birkhol, Lisa Bendal og Thea Berge Baastad
- Juryprisen: The Letter
- Publikumsprisen: The Letter av Simon Gjerde Tonev. Fekk 16% av 3000 stemmer på NRK Sogn og Fjordane.