INGEN VEDTAK: Det blei ikkje gjort nokon konkrete vedtak då fylkesutvalet i Sogn og Fjordane tysdag heldt sitt andre ekstraordinære møte om eigarskapen i Fjord1. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INGEN VEDTAK: Det blei ikkje gjort nokon konkrete vedtak då fylkesutvalet i Sogn og Fjordane tysdag heldt sitt andre ekstraordinære møte om eigarskapen i Fjord1. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Ingen nye vedtak i Fjord1-saka

Det blei ikkje gjort nokon konkrete vedtak då fylkesutvalet i Sogn og Fjordane tysdag heldt sitt andre ekstraordinære møte om eigarskapen i Fjord1.

Sogn og Fjordane: I fjor haust vedtok fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å selje 59 prosent av aksjane sine i ferjeselskapet Fjord1 til Torghatten. Prosessen fekk deleigar Havila, med 41 prosent av aksjane, til å reagere, samtidig som det skapte splid i fylkespolitikken i Sogn og Fjordane.

Tidlegare i sommar blei det klart at Konkurransetilsynet stoppar salet av Fjord1-eigardelar til Torghatten fordi dei fryktar for dårleg konkurranse i ferjemarknaden. Fylkeskommunen må dermed vurdere andre løysingar for selskapet.

BREI SONDERING: Jenny Følling vil ha ei brei sondering av ulike alternativ.
BREI SONDERING: Jenny Følling vil ha ei brei sondering av ulike alternativ.

– Vi gjennomfører no ei brei sondering for å vurdere ulike alternativ av eigarskapen i Fjord1, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til BT.

Ho spesifiserer ikkje om det betyr at dei er i kontakt med potensielle kjøparar, eller om det betyr ei eller anna form for avtale med minoritetsaksjonæren Havila.

Havila, som er eigd av Fosnavåg-reiar Per Sævig, meiner dei har forkjøpsrett på aksjane, og går til sak for å få medhald i dette. Saka skal etter planen opp for retten 29. august. (©NPK)

Til toppen