INGEN OMKOMNE: Talet på omkomne har vore svært positivt for Sogn og Fjordane sin del, som så langt ikkje har registrert nokon drepte i trafikken. Illustrasjonsfoto: Arkiv.
INGEN OMKOMNE: Talet på omkomne har vore svært positivt for Sogn og Fjordane sin del, som så langt ikkje har registrert nokon drepte i trafikken. Illustrasjonsfoto: Arkiv.

Ingen omkomne trafikken i Sogn og Fjordane så langt i år

Til no har 132 personar døydd i trafikken, men ingen i Sogn og Fjordane.

  • Endret

Hittil i år har 132 personar omkome i trafikkulykkar i Noreg. I Sogn og Fjordane derimot har det ikkje vore nokon dødsfall i trafikken så langt i år. I følge Trygg Trafikk trengst det meir synleg politi og fleire kontrollar for å redusere og forebyggje dødsfall i trafikken.

Direktør Jan Johansen frå Trygg Trafikk meinar at politiet gjer ein svært god jobb med dei ressursane dei har, men at med større innsats ville det blitt færre alvorlege ulykker.

Politiet gjer ein god jobb

– Diverre ser me at omfanget av kontrollar har gått ned over tid. Med større innsats ville det skjedd færre alvorlege ulykker, seier Jan Johansen.

I år 2000 var det 16 prosent høgare omfang av politikontrollane enn i 2012 ifølgje ein rapport frå Transportøkonomisk institutt. Antall omkomne og hardt skadde i trafikken i 2012 var 844 menneskjer, der 49 av dei kunne vore redda med same kontrollomfanget som i 2000. Johansen meiner då det er opp til regjeringa om å bevilga meir til ressursar slik at dei kan utføra fleire kontrollar.

– Me anbefalar på det sterkaste at regjeringa følgjer opp desse opplysningane. Politiet må få midlar til å auke kontrollane, seier Johansen.

Effektive fotoboksar

ATK og streknings-ATK er effektive tiltak der den fyrst nemnde er fotoboksar som måler hastigheit på eit ulykkeprega område. Den andre varianten måler sjåførens fart mellom to fotoboksar. I følgje ein ny studie reduserer dette dei alvorligaste ulykkene med heile 50 prosent.

– For kvar krone me invisterer her, får me igjen både liv, helsa og sparte samfunnskostnader, seier Jan Johansen frå Trygg Trafikk.

Til toppen