NESTE ÅR: Sjølv om Stortinget har vedteke endra opningstider for raude dagar, er ikkje Vinmonopolet ope nyttårsaftan, påskeaftan og pinseaftan før til neste år. Illustrasjonsfoto: Wikipedia Commons 
NESTE ÅR: Sjølv om Stortinget har vedteke endra opningstider for raude dagar, er ikkje Vinmonopolet ope nyttårsaftan, påskeaftan og pinseaftan før til neste år. Illustrasjonsfoto: Wikipedia Commons 

Ingen opne pol nyttårsaftan

Planlegg du å besøkje polet nyttårsaftan, vil du møte stengte dører. 

  • Endret

Endringane i opningstidene gjelder ikkje før 1. januar 2015.

Tidlegare i haust vedtok Stortinget forslaget frå regjeringa om å mjuke opp opningstidene for Vinmonopolet, slik at polet kan ha ope på fleire heilagdagar.

Men den som satsar på å stikke innom polet nyttårsaftan i år, vil få seg ei lei oppleving. Endringane trår nemleg ikkje i kraft før til neste år.

På julaftan vil det også i framtida vere stengte pol ettersom endringane Stortinget vedtok ikkje gjeld julaftan, men tre andre «aftaner» – nemleg nyttårsaftan, påskeaftan og pinseaftan i tillegg til valdagar. (©NTB)

Til toppen