Sogndal: Fjellsportfestivalen er ein knapp månad unna, men puddersnøen i Hodlekve let framleis vente på seg. Når vêrmeldingane heller ikkje spelar på lag skulle ein tru at arrangørane byrja å kjenne på nervene.
– Det er nok snø, forsikrar festivalsjef og evig optimist Ragnhild Fagerslett.
Les også: Håpar dei beste skikøyrarane i verda kjem til Sogndal
Over tusen skientusiastar er venta til Sogndal 22. februar, mange kjem for å oppleve den legendariske snøen alle snakkar om. Men akkurat no er det ikkje akkurat optimale forhold i fjella.
– Det blir ikkje noko problem å få gjennomført turar. Vi hadde sjølvsagt håpa at vi skulle få nysnø, men det er ganske hardt oppi der, så det blir litt andre turar enn vi er vane med på denne tida, seier Fagerslett.
– Det er klart, plutseleg kan det snø og så får vi ein meter over natta. Men førebels ser det ikkje slik ut.
Uansett kva som skulle skje er det ikkje snakk om å avlyse, lover festivalsjefen
– Festival blir det uansett og den blir kjempebra, med interessante føredrag, spanande konkurransar og dødsbra afterski. Vi får ta det inn på afterskien etterpå, viss forholda ikkje er optimale ute, seier Fagerslett.