INGEN PÅTALE: Tidlegare fotballpresident Yngve Hallén er frikjend av påtalenemnda i NFF i samband med støtten til Uefa-president Alexander Ceferi. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
INGEN PÅTALE: Tidlegare fotballpresident Yngve Hallén er frikjend av påtalenemnda i NFF i samband med støtten til Uefa-president Alexander Ceferi. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Ingen påtale mot Hallén

Tidlegare fotballpresident Yngve Hallén er frikjend av påtalenemnda i NFF i samband med støtten til Uefa-president Alexander Ceferi. 

Lærdal: Påtalenemnda har gjort sine granskingar i samband med NFFs arbeid med å fremja Ceferis kandidatur. 

Moglege brot på Fifas reglement vil nemnda overlate til Fifa å vurdere og forfølgje. Påtalenemnda har granska om det føreligg straffbare og/eller sanskjonsbare handlingar etter NFFs regelverk. Nemndas mandar er regulert i NFFs lover.

For Yngve Hallén finn påtalenemnda ikkje tilstrekkeleg grunnlag for påtale. 

Bakgrunnen for saka er at fotballbladet Josimar tidlegare i september la fram opplysningar om at Kjetil Siem, då han var generalsekretær i NFF, skal ha jobba på instruks frå dåverande fotballpresident Yngve Hallén for å fremja slovenske Aleksander Ceferins kandidatur som ny Uefa-president.

Ynge Hallén er mellom anna styreleiar i Lærdal Næringsutvikling AS.

Til toppen