Årdal: Klokka 07:33 tysdag morgon melder Vest politidistrikt om eit trafikkuhell mellom ein personbil og lastebil. Ulukka skjedde i krysser mellom Statsråd Evensens veg og Hydrovegen.
– Det er ingen personskader, men bilen er ikkje køyrbar, opplyser politiet.
Operasjonsleiar i politiet, Per Algrøy, forteller at personbilen er skada i front. Lastebilen har mindre skader. Det er endå ikkje bekrefta kor mange personar som er involverte.
Naudetatane har ikkje rykka ut. Det er ikkje meld om trafikkproblem, men bilberging er venta å kome snart.