Meiningar: Fylkestinget i Troms og Finnmark ber om at tvangssamanslåinga av fylka blir reversert. Ap, SV og Sp, som har fleirtal i det nye fylkestinget, gjekk til val på at samanslåinga måtte opphevast, og saka kjem no til behandling i Stortinget.
Fleirtalet i fylkestinget etterlyser ei fagleg utgreiing som grunnlag for samanslåinga, kor det blir av dei nye oppgåvene fylka skulle få og overføring av meir statlege midlar til gjennomføringa.
Halv milliard i underskot
I Sogn og Fjordane var det stor folkeleg motstand mot samanslåinga med Hordaland. Likevel valde politikarane å slå saman dei to fylka til Vestland.
Det gamle fylkesbygget i Bergen hadde sikkert trengt å bli rehabilitert og fornya, men no er det rive og skal erstattast av eit nybygg til 1,1 milliard, og dette skal stå ferdig om 1 – 2 år. I mellomtida må fylkeskommunen leige kontorlokale for dei tilsette. Vestland fylkeskommune har i tillegg alt no opparbeida seg eit underskot på ½ milliard.
Oppmodar om å gjera som Troms og Finnmark
Er det nokon som trur at dette ikkje vil gå ut over tenestetilbodet på sikt – særleg i distrikta? Kor lenge vil vi i Sogn og Fjordane få behalde vidaregåande skular og andre fylkeskommunale tilbod når «kjøtvekta» ligg i Bergensområdet? Og kor blir det av dei nye oppgåvene som var så viktige at ein del fylke måtte slå seg saman?
Raudt oppmodar fylkespolitikarane i Vestland om å gjere som fylkestinget i Troms og Finnmark. Det er ingen skam å snu – særleg når sentrale styremakter berre er ute etter å sentralisere og flytte makta lenger vekk frå folk.