DÅRLEG RESPONS: Thea Leirvik har prøvd å rekruttere skular i Sogn til å delta i Operasjon dagsverk. Utan særleg respons.
DÅRLEG RESPONS: Thea Leirvik har prøvd å rekruttere skular i Sogn til å delta i Operasjon dagsverk. Utan særleg respons. (Bilde: Jakob Oevensen Aanderaa)

Ingen skular frå Sogn tek del i Operasjon Dagsverk

– Eg synst det er veldig synd, seier Thea Leirvik, som har hatt det tunge ansvaret med å rektuttere skulane.

Sogn: – Mange skular vel å prioritere eigne prosjekt, seier Thea Leirvik frå Bremanger. Ho sit i årets distriktskomité i Operasjon Dagsverk og er ein av to personar med ansvar for å verve skulane i fylket vårt.

Ho ventar framleis på eitt svar, men om det uteblir er det ingen skular i Sogn som har meldt seg på i år.

– Vi får høyre frå lærarane at ungdommane ikkje er motiverte nok, dei slit med å finne arbeidsgjevarar, lokalsamfunnet er ikkje flinke nok til å stille opp. Mange faktorar spelar inn, seier Leirvik

– Handlar ikkje berre om å samle inn pengar

Ho seier det er ein nasjonal trend, talet skular som er med minkar år for år.

– Eg synst det er veldig synd, eg skulle gjerne sett at alle var med. Dei haldningane som blir skapte gjennom å gjere eit dagsverk for andre, tenkjer eg er veldig viktig, det handlar ikkje berre om å samle inn pengar, seier Leirvik.

Ho synst det er ei trøst at skulane trass alt brukar tid på eigne prosjekt. Mellom anna gjeld det skulen ho sjølv går på i Florø, som hjelper elevar i Malawi til å få ein betre skulekvardag:

– Men utan det store apparatet til Operasjon Dagsverk, så blir det ikkje heilt det same. Du får ikkje heilt den same oppfølginga og informasjonen, det blir ikkje den same nasjonale solidaritetsdugnaden, meiner Leirvik.

Held døra på gløtt til etternølarar

Årets aksjon går til inntekt for ungdom i Nigeria som er råka av oljesøl. Sjølve OD-dagen er i starten av november, men på mange skular gjekk startskotet allereie i går med internasjonal veke. 

Leirvik held døra på gløtt til alle som har lyst til å slenge seg på før 2. november.

– Vi har ikkje nokon fast frist, vi tek så klart i mot alle som har lyst til å vere med, seier ho.

 



Til toppen