SOSIALT OG KJEKT: Det var god stemning i andreetasjen på AMFI Sogningen. Her møtast Real Madrid og Barcelona til kamp.
SOSIALT OG KJEKT: Det var god stemning i andreetasjen på AMFI Sogningen. Her møtast Real Madrid og Barcelona til kamp. (Foto: Øyvind Nondal)

Ingen Sogndal-spelarar på FIFA-turnering

Laurdag var det FIFA-turnering på AMFI Sogningen, der fotballinteresserte frå Saftbygda var samla for å vinna finalen.

VINNARAR: Torjus Sagenes slo Ahmed Yusuf i finalen 4-1 og Lasse Ask Slo Mathias Pedersen 2-1 i bronsefinalen. Foto: Wilhelm Tangerud

Sogndal: FIFA er eitt av dei mest populære spela for ungdom. Her kan deltakarar setje saman sitt draumelag, og spele mot venner eller ukjente over Internett. 

Heile laurdag var fotballinteresserte frå Saftbygda samla for å vinna finalen. Det var studentorganisasjonen for idrett i Sogndal, Studentspretten, som stod bak arrangementet.

Bjarte Hjelland som var medarrangør i Studentspretten seier til Porten.no at FIFA er eit veldig populært spel blant gutar.

– FIFA-turnering er for alle som har lyst å komma. Det har vore gutar ned i åtteårsalderen og opp i trettiåra, seier han, og legg til han er godt nøgd med aldersforskjellen på dei som har spelt.

FIFA-turneringa er arrangert med kampar på to ganger fire minuttar. Dei beste går vidare.

Hjelland seier at deltakarane på førehand må bestemme seg for eit lag, og så er det om å gjera å vinna. Slik har dei helde på frå klokka elleve til fire. Då gjekk spelarane over i åttandedelsfinalar, og nærma seg det spennande sluttspelet.

I følgje Hjelland var det få Sogndal-spelarar å sjå.

– Dei vel dei beste laga. Real Madrid, Barcelona og Bayern München er stort sett laga som går igjen, seier han med eit smil.

Vinnaren av FIFA-turneringa fekk eit gåvekort på tusen kroner.

Til toppen