HELD FRAM: Søket etter den 37 år gamle mannen som er sakna på Haukåsen held fram onsdag kveld. Foto: Halvor Storvik. 
HELD FRAM: Søket etter den 37 år gamle mannen som er sakna på Haukåsen held fram onsdag kveld. Foto: Halvor Storvik.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ingen spor etter sakna 37-åring 

Onsdag ettermiddag er det framleis ikkje gjort noko funn av den sakna mannen på Haukåsen i Sogndal. 

Sogndal: Søket etter den sakna mannen som forsvann då han og fleire andre frå ein institusjon var på tur ved Haukåsen held fram onsdag kveld. 

– Me er no i gong med å planleggje søket vidare for torsdag, seier operasjonsleiar Olaug Holme, operasjonsleiar i politiet i Sogn og Fjordane til Porten. 

Les også: Resultatlaust søk i natt

Søket held fram onsdag ettermiddag og kveld, men vil bli trappa ned natt til torsdag. 

– Det kjem framleis til å vera nokre til stades på Haukåsen i natt, men sjølve søket vil starta opp igjen torsdag morgon, seier operasjonsleiaren. 

Kring 50 personar deltek onsdag føremiddag i leiteaksjonen. Desse kjem frå politiet, Norske Redningshunder, Sivilforsvaret, Røde Kors og brannvesenet.

Til toppen