VINTERSTENGING: Etter som fylkeskommunen må spare fleire millioner dei neste åra, kan det bli aktuelt å vinterstenge fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal. Dette vil få store konsekvensar for årdalssamfunnet, slår ein rapport fast. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VINTERSTENGING: Etter som fylkeskommunen må spare fleire millioner dei neste åra, kan det bli aktuelt å vinterstenge fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal. Dette vil få store konsekvensar for årdalssamfunnet, slår ein rapport fast. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Ingen vinterstenging før 2021

Ifølgje Ole Ingar Hæreid i Sogn og Fjordane fylkeskommune blir det ikkje vinterstenging av fylkesveg 53 før tidlegast 2021.

Årdal: Hæreid sa frå talarstolen på Høgfjellskonferansen tidlegare denne veka at redusert vinterinnsats ikkje er tema før tidlegast vinteren 2020/2021, skriv Sogn Avis.

Ei redusering i driftsstandard på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin kjem heilt nedst i ein serie verkemiddel fylkeskommunen må drøfta for å spara pengar.

Hovudutvalet for samferdsle har bedt administrasjonen i fylkeskommunen om å greie ut forslag til ny driftsstandard for fylkesvegnettet med ei innsparing på 40 millionar kroner årleg.

Les også: Dette kjem fram av rapporten om vinterstenging av Tyin-Årdal

Det har gjort vinterstenging av denne fjellovergangen aktuell som eit av fleire innsparingstiltak. 

For å hindre dette har Årdal kommune fått utarbeidd ein rapport som fortel at det er viktig for begge sider av fjellovergangen at vegen ikkje vert stengt om vinteren. 

Les også: Jobbar for å halde Tyin-Årdal vinterope

– Me har prøvd å bygga opp rapporten ved å gå ut til næringslivet, hytteeigarar, nabokommunar som Vang og Hydro Energi for å finna ut av kor viktig heilårsvegen og vinterope er for dei som har aktivitetar i fjellet, sa ordførar Arild Ingar Lægreid då.

Til toppen