WÆHLER-EFFEKTEN: Det blei ingen tre poeng sjølv med Kjetil Wæhler tilbake på bana for Sogndal.
WÆHLER-EFFEKTEN: Det blei ingen tre poeng sjølv med Kjetil Wæhler tilbake på bana for Sogndal. (Foto: Youri van der Werve)

Ingen Wæhler-effekt i comebacken

Med Kjetil Wæhler tilbake på bana hadde Sogndal håpa å ta tre nye poeng. I staden for blei det uavgjort og den fjerde poengdelinga for sesongen.

Sogndal - Sandnes Ulf  2-2

Eit offensivt Sogndal, som vi har sett så mange kampar før denne sesongen, hadde tydeleg eit overtak dei første 30 minutt.  Likevel var det Sandnes Ulf som overaskande tok leiinga etter litt meir enn ein halvtime.

 OFFSIDE: Sandnes Ulf ropa på offside. Det ville ikkje dommar høyre noko om og dermed gjekk Sogndal opp i 2-1. Foto: Youri van der Werve

– Det er måten me spela på. Me pressa på, så kjem dei med kontringar og då skåra dei. Me var litt ustrukturerte i første omgang. Det har noko å gjera med at me hadde to nye i forsvaret, seier Eirik Bakke etter kampen.

Mange mål på kort tid

Sogndal klarte ikkje å gjera noko med stillinga før pause. Men eit kvarter inn i andre omgang var det Schulze som hjalp heimelaget tilbake i kampen. Ikkje mange minutt seinare kunne Sogndal juble igjen, då Soltvedt satte inn Sogndal sitt andre mål.

Uheldigvis for heimelaget slappa dei av for mykje og dårleg forsvar ga Sandnes Ulf moglegheita til å gjera stillinga lik igjen.

– Eg er berre stolt over jobben dei gjera for å ikkje tapa kampen. Det er ein fantastisk mentalitet om å komme tilbake, seier Eirik Bakke etter kampen.

– Me hang ikkje heilt saman. Me må jobba meir med det dei neste vekene.

Kjent mann tilbake for Sogndal

Eit kjent namn var tilbake på bana etter å ikkje ha spelt kamp på seks månadar og eigentleg ha lagt opp. Kjetil Wæhler er mannen som skal ta over igjen etter Even Hovland og dagens kamp spelte han alle 90 minutt.

FEIRING: Soltvedt og Fredriksen kunne juble for det andre målet på to minutt. Like etterpå var det Sandnes Ulf som kunne juble på andre sida av bana. Foto: Youri van der Werve

Det er fint å vera tilbake igjen og spela kamp. Selvfølgelig ikkje det resultatet me hadde håpa på, seier Kjetil Wæhler.

For Bakke blir Wæhler ein viktig mann framover og han håpar at han blir like viktig når han er frisk igjen som han var i fjor.

– Det er godt å ha Wæhler tilbake. Me treng ei slik leiartype igjen. Eg har trua på at han blir ein viktig mann framover.

Til toppen