Ingenting kriminelt bak dødsfall
(Foto: Illustrasjon)

Ingenting kriminelt bak dødsfall

Politiet har avslutta etterforskinga etter at ein 16 år gamal gut vart funnen omkomen på Leikanger.

– Me har etterforska breitt og ingenting tyder på at det står noko kriminelt bak. Etterforskinga er avslutta, seier regionlensmann Arne Johannesen til Porten.

Ein 16 år gamal gut vart funnen omkomen ute i terrenget på Leikanger onsdag ettermiddag. Politiet sette i verk kriminaltekniske undersøkjingar på funnplassen og starta med avhøyr for å kartleggja hendingsforløpet i framkant.

Torsdag ettermiddag har altså politiet avslutta etterforskinga ettersom ingenting tyder på at noko kriminelt ligg bak. 

 

Til toppen