NY SENTERLEIAR: Ho har vore tilsett sidan mai, men frå august har Ingrunn Bruheim vore i Årdal på heiltid etter at ho byrja i jobben som senterleiar på Årdalsenteret. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Ingunn er tilsett som ny senterleiar

– Eg vil jobba for at me saman klarar å auke handelen endå meir i Årdal, seier den nytilsette senterleiaren.

ÅrdalFormelt starta ho i midten av mai, men sidan 1. august har Ingunn Bruheim vore på Årdalsenteret på heiltid etter å ha budd i Florø dei siste åra. 

Derfrå tek ho med seg tankar og idear som ho no ønskjer å teste ut på senteret, som stod klart hausten 2013. I dag har senteret tolv butikkar, og før sommaren opna Tya dørene til kafeen att etter å ha halde stengt i fleire månader.

– Eg vil jobba for at me saman kan auke handelen og auka kundekretsen, og sjølvsagt må me jobba med å gjera butikkane meir attraktive slik at kundane er nøgde og vil koma tilbake, seier Bruheim og legg til at butikkane har fått ein positiv oppsving etter at kafeen kom på plass att.

Shoppingfrukost

Første grep tar ho allereie første helga i september. Då vil ho teste ut noko som fungerte veldig bra i Florø.

– Der hadde me noko me kalla shoppingfrukost. Då opnar butikkane klokka ni på ein laurdag, og det blir buffet på kafeen. Butikkane har då tilbod som me håpar vil trekke folk opp av senga. Vanlegvis er laurdagane slappe dagar før klokka tolv, fortel ho.

Merkar oppsving om sommaren

Slapt er derimot ikkje sommarane i industribygda lenger. Etter å ha jobba målretta med å gjera seg til eit attraktivt turistmål, byrjar butikkane no å merke at trafikken er god i det som tidlegare har vore stille sommarmånader.

– No har eg budd vekke i tre år, og då eg reiste, var det mykje stillare om sommaren. No er det masse turistar. Det er veldig kjekt fordi dei ser butikkane med nye auge og tykkjer det er mange fine butikkar her. Det er kjekt å få tilbakemeldingar andre enn årdøler.

No håpar ho at nye idear og eit godt samarbeid med aktørane rundt senteret vil bidra til at dei kan gjera kvarandre gode. 

– Butikkane på gateplan er med på å gjera Årdal attraktivt. Alle plassar med senter har også butikkar på gateplan. Dei er ein avhengig av, og dei er avhengig av oss. 

Til toppen