TIL FINALEN: Ingvild Eikevik frå Sogndal skaut 249 poeng på bane i rekruttklassen. Fredag skal ho skyta finale.
TIL FINALEN: Ingvild Eikevik frå Sogndal skaut 249 poeng på bane i rekruttklassen. Fredag skal ho skyta finale. (Foto: Sogndal Skyttarlag)

Ingvild (13) skaut seg til finale på årets landsskyttarstemne

– Eg har ikkje fått trent så mykje,  seier Ingvild lattermildt.

Stjørdal: 13 år gamle Ingvild Eikevik frå Sogndal har drive med skyting sidan ho gjekk i tredjeklasse og er i år med på landsskyttarstemnet i Stjørdal som, saman med heile familien. 

Stemnet, som starta førre fredag har ho hevda seg godt i rekruttklassen og har skote heile 249 poeng på baneskyting, og landa på ein 5.plass med 29 poeng i feltskyting.

Ho fekk med dét plass i finalen komande fredag. Det trass i at ho ikkje har trent noko særleg: 

– Eg har ikkje fått trent så mykje. Eg er ikkje så ofte på treningane til skyttarlaget, men eg skyt mykje på stemner, seier Ingvild lattermildt.

Mamma: – Blir imponert

Mamma Solfrid Skjerven Eikevik fortel at Ingvild er ei aktiv jente, som blant anna driv med fotball og ski og skiskyting. Begge er hobbyar som tek tid vekk i frå skytetreninga. 

Jamvel hevdar 13-åringen seg på skytebana, og Solfrid er sjølvsagt litt stolt:

–Eg blir imponert, det må eg sei. Eg tykkjer ho er veldig flink, og spesielt flink til å konsentrere seg når det gjeld. Det var kjempemoro at ho kom til finale, seier ho. 

Trass i at ho fekk finaleplassering i feltskyting, fortel Ingvild derimot at ho ligg litt dårleg an til feltfinalen på fredag:

– Feltfinalen på fredag trur eg ikkje blir så spanande for eg manglar allereie eit poeng der, seier ho.

Ingvild skaut nemleg 29 av 30 moglege poeng på oppskytinga, medan det var fleire som skaut full pott med 30 poeng, seier ho. Se video nedanfor. 

– Ein skyttarfamilie

Då det var klart for Landsskyttarstemnet i Stjørdal heiv familien Eikevik seg i bilen, alle saman. Med i bilen var mamma, pappa, Ingvild, lillesyster og storebror Vegard.

Sistnemnde driv òg med skyting og skaut seg til ein finaleplass i feltskyting i juniorklassen på fredag. 

– Me er ein liten skyttarfamilie. Me heiv oss i bilen og køyrte til stemnet i Stjørdal, heile familien, veslesystera heng med ho òg, seier mamma Solfrid. 

Ho fortel at det er mange frå Indre Sogn som bur saman på same camp.

– Det er veldig sosialt og kjekt for ungane og ungdomane. Det er ei kjekk veke, og ikkje minst travel, ler ho. 

 

Til toppen