– KNALLHARDT: Henrik Rønningen skildrar dei siste månadane som knallharde for Årdal Mottakssenter etter at meldinga om nedlegging kom i september. Innan jul skal alle bebuarane vere flytt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
– KNALLHARDT: Henrik Rønningen skildrar dei siste månadane som knallharde for Årdal Mottakssenter etter at meldinga om nedlegging kom i september. Innan jul skal alle bebuarane vere flytt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Innan jul skal bebuarane ved mottaket ha fått ein ny heim

– Det har vore tre knallharde månader for oss.

Årdal: For to og ein halv månad sidan kom beskjeden. UDI har beslutta å leggje ned Hero sitt mottak i Årdal. Sju mistar arbeidsplassen sin. Over 120 bebuarar skal flyttast til andre mottak. 

Årsaka er færre asylantar og ankomstar til Noreg. I tillegg har kommunane gjort ein formidabel jobb med å busetje, sa UDI. Innan julaftan skal dei siste 33 bebuarane vere flytt. Då vert mottaket lagt ned. 

– Det er trist fordi dette har vore eit godt drive mottak. Me har hatt eit veldig godt samarbeid med alle instansar ein er avhengig av for at dette skal fungere optimalt, seier Henrik Rønningen, som har hatt jobben som mottaksleiar desse tre månadane.

– Det som er så trist er at me er så godt integrert og heile infrastrukturen er på plass, medan andre plassar held dei på å byggje opp og hadde slik sett vore lettare å avvikle. 

Mykje arbeid å avvikle

Den nye mottaksleiaren seier dagane har vore annleis enn tidlegare – og veldig travle. I Årdal har bebuarane budd spreidd i kommunen, så når mottaket skal avviklast, betyr det at hus og leiligheiter skal vaskast, tømmast og overleverast tilbake til utleigar. På toppen kjem papirarbeidet.

– Det er ein voldsom prosess, og det har gjort at me har fått ein del internflytting etter kvart som hus har blitt tømt, så flyttar nokon av dei inn i andre hus i mellomtida. Det er 23 bustader som skal tømmast, seier han.

– Mange vil tilbake

Mottaket i Årdal, som er drifta av Hero, har på det meste hatt 210 bebuarar. I dag er det att 33, og alle desse skal ha fått ein ny plass å bu ein annan stad innan julaftan. 

– Me har eit godt samarbeid med UDI, så me jobbar på og prøver å gi dei som har spesielle behov og ønsker det dei treng. Det er viktig at det ikkje vert hals over hovud og at ein tar dei rette vala, seier han.

– Korleis har bebuarane takla dette?

– Dei har takla det bra dei altså. Mange er på veg ut i busetting i Noreg, men samstundes tykkjer dei synd på oss som er att og blir arbeidsledige. Det me også merkar er at fleire av dei vil tilbake hit. Fleire av dei synest det er trist å kome hit første gongen, men når dei har vore andre plassar, vil dei heller tilbake hit. Det er godt å høyra, smiler Rønningen.

Konsekvensar i samfunnet

Nedlegginga av mottaket har også enorme ringverknader. Kommuneøkonomien har mellom anna fått merke det. Det same har dei tilsette i kommunen som har jobba med til dømes vaksenopplæring. 

– Men du har også andre ting som belegg på bussruter. Det er ikkje alle som tenkjer på det. Når fylkeskommunen skal bestemme kva ruter dei skal behalde eller ikkje, så ser dei på belegg, og her bidreg mottaket enormt med mange som skal til og frå tettstadene i Årdal. 

– Og så er det snakk om 150 menneske då som skal ha mat og klede og brukar pengane i lokalsamfunnet. Det er eit stort tap på mange måtar, både for samfunnet og befolkninga, seier han. 

– Stolt av å vere årdøl

Mottakssenteret i Årdal vart oppretta i 2013, men fekk ein tøff start berre månader seinare då hendinga på Valdresekspressen skjedde. Måten bygda takla denne hendinga på har seinare fått mykje ros. 

– Mottaket har blitt godt motteke og godt behandla undervegs. Det har vore så lite at det ikkje er til å nemna utan om hendinga på Valdresekspressen sjølvsagt. Samarbeidet me har hatt med lag og organisasjonar og måten dette er blitt mottatt og drive på, gjer at eg er stolt av å vere årdøl.

Til toppen