Balestrand: Vest politidistrikt melde om hendinga rett etter klokka 06 2.juledag.
I meldinga sa politiet at bustaden var endevendt, og at det var gjort skader på skåp og inventar. Eigaren av huset bur ikkje i bustaden.

Til Sogn Avis seier regionlensmann Inger Lill Lanes følgjande:
– Det er sjeldan at me har slike innbrot i folk sine hus på våre kantar. Det har vore nokon i alle skåp og skuffer i huset.
Lanes opplyser til avisa at det er rekna at verdiar for over 100.000 kroner er stole frå bustaden. Ho understrekar at denne saka vert teke på alvor fordi dette går på folk sin tryggleik.