UNDERSØKINGAR: Politiet er på veg til fritidsbustadene for å gjere undersøkingar.
UNDERSØKINGAR: Politiet er på veg til fritidsbustadene for å gjere undersøkingar. (Foto: Arkiv)

Innbrot i to fritidsbustader i Gulen

Politiet har fått melding om to innbrot på Sandøyna.

Gulen: Politiet melder på Twitter at dei har fått melding om innbrot i to fritidsbustader på Sandøyna i Gulen.

Politiet er på veg saman med eigarar for å undersøkje åstaden. 

Det er uvisst om noko er stelt og eventuelt kva. 

Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Eivind Hellesund, seier at det var nokre fastbuande naboar som tysdag oppdaga at vindauger og dører stod opne og varsla politiet. 

– Patruljen er på staden og ser no, seier Hellesund. 

Politiet veit ikkje når innbrotet kan ha skjedd. 

Til toppen