FØRSTE TILFELLE: Sogndal kommune opplyser at ein person har fått påvist koronavirus.
FØRSTE TILFELLE: Sogndal kommune opplyser at ein person har fått påvist koronavirus. (Foto: Arkiv)

Innbyggjar i Sogndal smitta av koronaviruset

Blir det andre tilfellet som er registrert i Sogn og Fjordane.

Sogndal: – Ein vaksen person frå Sogndal kommune er smitta. Vedkomande har vore i Austerrike, og fekk påvist smitte før vedkomande kom heim til Sogndal, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø i ei pressemelding.

Personen har vore isolert sidan heimkomst. Kommunen opplyser at dei gjer tiltak i tråd med råda frå Folkehelseinstituttet.

– Det viktige no er å isolera personar som er smitta, slik at dei ikkje smittar andre, seier Husabø.

Til Porten.no opplyser han at den smitta personen har ein mild sjukdom. Kommunen fekk vita om den positive prøva måndag kveld.

Ifølgje smittevernlegen er det førebels berre eit fåtal personar som sit i heimeisolasjon i kommunen.

– Me har kontroll på dei, og følgjer dei opp. I løpet av nokre dagar får me avklara om fleire har blitt smitta, seier Husabø.

Den andre i gamlefylket

Ifølgje ei oversikt utarbeidd av VG vart den første smitta i Sogn og Fjordane registrert måndag i Sunnfjord. Sjukdomsgraden er mild, ifølgje opplysningar frå kommunen.

– Vedkommande har vorte smitta i utlandet, det er god oversikt over moglege nærkontaktar etter heimkomst, og det er låg risiko for at smitten har spreidd seg frå dette tilfellet. Personen er i god form, og for tida i heimeisolat, skriv dei i ei pressemelding på eigne nettsider.

Tilfellet i Sogndal er dermed det andre som er registrert i det gamle fylket. Til no er det 239 smitta i Norge, men ingen omkomne.

Ein testa i ÅLA

Så vidt kommuneoverlege og smittervernlege Frode Myklebust kjenner til er det éin person som har blitt testa for smitte i Årdal, Lærdal og Aurland. Svaret er ikkje kome enno.

– Det sit det nokre i heimekarantene, men ingen er isolerte eller smitta, seier han.

Myklebust opplyser at folk som er i karantene framleis kan gå tur med hunden, og liknande, men må unngå nærkontakt med folk. Isolasjon er ein strengare restriksjon for folk som er blitt sjuke, og som har vore i område med pågåande smitte, eller har vore i kontakt med smitta personar. Desse må halda seg heime, og familien blir sett i karantene.

– Slike tilfelle har me ikkje hatt enno, seier Myklebust.

Veninner frå Årdal i karantene

Sogn Avis skriv tysdag om to veninner frå Øvre Årdal som er i heimekarantene etter å ha vore på skiferie i Austerrike. Tirol fekk statusen smitteområde ei veke etter dei to kom heim. Veninnene må no halda seg heime fram til søndag.

– Om eg blir sjuk, så skulle eg ta kontakt att med legekontoret igjen for testing, seier Katalin Karlsen til avisa.

Kommunen har tidlegare opplyst at dei har nok utstyr og eigna lokale til å behandla sjuke personar. Dei oppmodar folk om å ringa legekontoret, og ikkje møta opp personleg, dersom dei mistenker at dei er smitta. Myklebust seier kommunen vil legga ut oppdaterte køyrereglar til arrangørarar av kurs, seminar, festivalar og idrettsarrangement i løpet av dagen.

Til toppen