Innbyggjarane i Ålmennhagen vert evakuert

15 bustadar i byggefeltet i Ålmennhagen er evakuerte fordi politiet fryktar elva skal stige.

Det regna kraftig i Sogn i tysdag, og dei enorme vassmassene gjer sitt til at bebuarane i Ålmenhagen i Utladalen må evakuerast.

– Totalt 15 bustadar er tømde for folk, opplyser Edvard Holsæter i Norsk Folkehjelp Årdal til Porten.no.

Sjå fleire bilete øvst i artikkelen.

Det var like før 21.00 at politiet beslutta å evakuera dei husstandane som låg nærast elva i Ålmennhagen. 

Mest kritiske punktet

– Me bestemte oss for å gjera dette tidleg på kvelden for å sleppa å gjera dette seinare på natta, seier politibetjent Knut Arne Klingenberg til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

I Ålmennhagen er vassmassane så store at dei nesten renn over brua.

– Det er dette som er det mest kritiste punktet når det gjeld bygningar. Husstandane der framme vil få besøk av folk frå folkehjelpen, der dei får informasjon om kor dei kan reisa vidare.

Desse har fått beskjed om å tilbringa natta anten hjå vener og familie eller på Sitla Hotell.

– Dei som ikkje har funne seg ein plass å bu hjå familie eller vener, er innlosjert på Sitla Hotell, seier Knut Arne Klingenberg i politiet til Porten.no.

– Det er snakk om åtte personar, seier rådmann Frank Westad til Porten.no.

Årsaka til at politiet valde å evakuera no var for å sleppa å gjera dette om natta. Bebuarane får ikkje flytta heim før tidlegast i morgon.

Artikkelen held fram under biletet.

EVAKUERTE: Knut Arne Klingenberg (til venstre) beslutta å evakuera innbyggjarane i Ålmennhagen.
EVAKUERTE: Knut Arne Klingenberg (til venstre) beslutta å evakuera innbyggjarane i Ålmennhagen.

Vegen stengd fram i Utladalen

Dei siste dagane har det regna kraftig på Vestlandet, og spesielt tysdag kom det enormt med nedbør. Kombinert med varme og snøsmelting i fjellet har det gjort at fleire elvar i fylket flaumer over.

I Årdal vaks Utla seg stor heile dagen fram til det til slutt nesten ikkje var meir å gå på. Vegen fram mot Hjelle frå Øygarden er stengd, og i Ålmennhagen får berre dei som verkeleg har behov for det sleppa over brua og vidare fram i dalen.

Artikkelen held fram under biletet.

– Me ønskjer minst mogleg trafikk på vegen fram i Utladalen på grunn av høg vasstand, held Klingenberg fram.

Ved bruene er teknisk etat på plass med gravemaskiner for å ta unna tre og anna som kunne demma opp. Gang- og sykkelvegen fram i Utladalen er også stengd.

Delar av kriseleiinga i Årdal har etablert seg på Folkehjelpen i Øvre Årdal. Ordførar Arild Ingar Lægreid, rådmann Frank Westad og fleire frå Norsk Folkehjelp er tilstades saman med Porten.no.

Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller via SMS "PORTEN [ditt tips]" til 1963.

Til toppen