FEMTE ALBUM: Kim Ljung (til høgre) og resten av Ljungblut gir ut sitt femte album, med fleire referansar til Indre Sogn. Med i bandet er Dan Heide, Ted Skogmann, Sindre Pedersen, og Jokke Brendsrød. Pressefoto
FEMTE ALBUM: Kim Ljung (til høgre) og resten av Ljungblut gir ut sitt femte album, med fleire referansar til Indre Sogn. Med i bandet er Dan Heide, Ted Skogmann, Sindre Pedersen, og Jokke Brendsrød. Pressefoto

Innflyging til Haukåsen vart musikkvideo

Kim Ljung kjend frå rockebanda Seigmen og Zeromancer let seg inspirera av sognanatur på sitt nye album.

Sogndal/Årdal/Oslo: – Me hadde ein plan med dette albumet at kvar låt skulle ha sin eigen video. Det heile byrja med at me filma medan me var på reisefot. Under innflyginga til Sogndal var det ikkje nokon tvil, seier Kim Ljung. 

Han er kjend frå Seigmen - tungrockbandet som herja i Noreg på 90-talet med albumet "Metropolis" i 1995 som høgdepunktet - seinare også medlem av "syntrockbandet" Zeromancer.

Seigmen vart lagde ned i 1999, men heldt enkeltkonsertar innimellom før dei i 2014 gjorde comeback og spelte mellom anna på Målrock. Samstundes har bassist Kim Ljung hatt sitt eige prosjekt på si - bandet Ljungblut - med eit vesentleg meir nedtona lydbilete. 

Artikkelen held fram under biletet

MÅLROCK: Kim Ljung og Seigmen i aksjon under Målrock for to år sidan. Arkiv
MÅLROCK: Kim Ljung og Seigmen i aksjon under Målrock for to år sidan. Arkiv

– Den spektakulære utsikta måtte filmast.

For låta "Tempelhof" på det rykande ferske albumet "Alle netter er ikke like sorte"  har Ljungblut nytta innflyginga til Haukåsen som musikkvideo.

– Den spektakulære utsikta måtte filmast. Lorry Kristiansen, som står bak musikkvideoen, er veldig oppteken av at det ikkje skal klyppast i det heile teke. Alt skal vera i eitt "take". 

Artikkelen held fram under videoen

Men referansene til Indre Sogn er fleire - på teksten til ei anna låt hadde Ljung Årdal i tankane då han forfatta følgjande linje: "Du sto som siv i vinden. Som et fjell i stormen" 

– Svigerfar min, som er fødd og oppvaksen i Årdal, sa desse orda i gravferda til mora si i Årdal kyrkje i januar i fjor. Han brukte dei som ei skildring av ei usedvanleg sterk dame som døydde i ein alder av 98 år. Ho mista den første mannen sin i fjellet då dei budde på Hauglund gard i Lærdal. 

Fridde ved Vettisfossen

Ljung fortel han har eit nært forhold til Årdal, mellom anna fridde han til kona ved Vettisfossen. Og oldefaren til kona bygde ungdomshusa i Vikadalen, Seimsdalen, Øvre Årdal og på Årdalstangen

– Eg var med på eit slektstreff i ungdomshuset i Vikadalen der eg fekk vita dette om han som vart kalla "Lars, snekkeren". Han rodde i fem timar for å koma på jobb. Først to timar frå Vikadalen inn til Tangen. Deretter over i ein annan båt opp Årdalsvatnet til Øvre. Så alt i alt føler eg denne tekstlinja seier alt om denne sida av familien min. 

NYSLEPP: Kim Ljung står for vokal og tangentar i Ljungblut - her coveromslag for det nye albumet.  
NYSLEPP: Kim Ljung står for vokal og tangentar i Ljungblut - her coveromslag for det nye albumet.  

"Ikke alle netter er like sorte" er det femte albumet til Ljungblut, og den vanlegvis så hardtrockande bassisten byr altså på ei temmeleg annan side av seg sjølv her enn kva Seigmen- og Zeromancerfans er vande til.

– Alt dreier seg om stemning og atmosfære i Ljungblut.  Det er først no me har klart å spikra det melankolske og organiske soundet til dei grader. "Ikke alle netter er like sorte" er et ekte høstalbum. Eg er veldig fan av artistar som torer å visa sin eigen sårbarheit, og eg føler at det er nettopp det me gjer med Ljungblut. 

 

Til toppen