INNFØRAR ÅRSKORT: Frå og med 2019 kan ein kjøpa årskort for bassenga i Årdal. Det gjeld innebassenget i Årdalshallen, samt dei to friluftsbassenga.
INNFØRAR ÅRSKORT: Frå og med 2019 kan ein kjøpa årskort for bassenga i Årdal. Det gjeld innebassenget i Årdalshallen, samt dei to friluftsbassenga. (Foto: Synne Asheim Haga / Arkiv)

Innførar årskort i badeanlegga i Årdal

Det vil gjelda for bassenget i Årdalshallen, samt friluftsbassenga på Årdalstangen og i Øvre Årdal. 

Årdal: I desember vedtok kommunestyret å innføra årskort for badeanlegga i Årdal, som skal gjelda frå og med 1.januar 2019. 

Likevel er årskorta framleis tilgjengelege per dags dato, for dei er ikkje produsert enno ettersom politikarane gjorde vedtaket rett før juleferien.

No er driftsansvarleg Frank Runar Øren i full sving med nettopp det. 

– Me har ikkje fått laga korta endå, men Skrivargarden driv og produserer dei no, seier han. 

Politikarane vedtok òg at årskorta for born i alderen 7 år til og med 18 år, vil kosta 1500 kroner, medan det for vaksne over 18 år vil kosta 3000 kroner for eit kalenderår. 

For klyppekort vil aldersgruppene framleis vera frå 6 til 16 år for born, og frå 16 og oppover for vaksne. 

Til toppen