ULOVLEG: Å setja ut slike saltsteinar til hjortevilt er ulovleg frå i dag, 12.juli 2016. Privat foto
ULOVLEG: Å setja ut slike saltsteinar til hjortevilt er ulovleg frå i dag, 12.juli 2016. Privat foto

Innfører forbod mot saltstein og fôring

Frå i dag, 12.juli, er det ulovleg å leggja ut saltstein og fôr til hjortevilt

Lærdal/Årdal/Aurland/Sogndal: Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett forskrift med tiltak for å avgrensa spreiing av Chronic Waisting Disease (CWD) blant hjortedyr. Bakgrunnen er funn av sjukdommen hjå viltlevande hjortedyr i Noreg, blant anna i Lærdal.

Les også: Dødeleg sjukdom påvist hjå norsk villrein

Forskrifta inneheld ei rekkje paragrafar, derav §6 lyder:

"Det er forbudt å legge ut fôr og slikkesteiner til hjortedyr som ikke er inngjerdet eller på annen måte holdes fysisk adskilt fra andre mottakelige dyr. Forbudet gjelder i følgende fylker:

  • Nord-Trøndelag
  • Sør-Trøndelag
  • Møre og Romsdal
  • Sogn og Fjordane
  • Hedmark
  • Oppland
  • Buskerud

Forbudet mot slikkesteiner gjelder kun for steiner som legges ut etter forskriftens ikrafttredelse." Dette betyr altså at ein ikkje må fjerna steinar som alt er sett ut, men ein kan ikkje setja ut nye.

Les også: Saltstein kan vera smittekjelder

Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Hovudpunkta i den nye forskrifta for øvrig inneber: 

  • forbod mot utføring av levande hjortedyr frå Noreg
  • krav om løyve før flytting av hjortedyr mellom fylker
  • forbod mot luktestoff frå hjortedyr frå land med CWD
  • utvida varslingsplikt for personar som har ansvar for hjortedyr og transportørar

Vidare går det fram at forboda og pliktene gjeld fram til årsskiftet.

Les heile forskrifta på Landbruks- og matdepartementet sine sider.

Til toppen