ORDFØRARKANDIDAT: Hilmar Høl er Fylkestingmedlem Sogn og Fjordane og ordførarkandidat Årdal Arbeidarparti.
ORDFØRARKANDIDAT: Hilmar Høl er Fylkestingmedlem Sogn og Fjordane og ordførarkandidat Årdal Arbeidarparti. (Foto: Pressefoto)

MEININGAR

– Innføring av inntaksregionar vil sikra elevar lokalt tilbod for vidaregåande

– ...og sikre oppretthalding av den desentraliserte strukturen for vidaregåande opplæring, skriv Henrik Oppen og Hilmar Høl i dette meiningsinnlegget.

VESTLAND ARBEIDERPARTI: Henrik Oppen fylkesmedlem Sogn og Fjordane og listekandidat Vestland Arbeiderparti. Foto: Oskar Andersen

Vestland Arbeidarparti vil halde fast på at den vidaregåande opplæringa skal kunne tilbydast i nærleiken til heimstaden til elevane.

Å innføre inntaksregionar i det nye fylket vil vere ein god måte å sikre at elevane framleis kan sikrast å ha eit vidaregåande tilbod nær heimen, og sikre oppretthalding av den desentraliserte strukturen for vidaregåande opplæring.

Vidaregåande opplæring er ei av dei store samfunnsoppgåvene som er lagt under regional folkevald styring. Å gje ungdom eit godt opplæringstilbod er i seg sjølv det viktigaste, men også korleis tilbodet er organisert og drifta er viktig i eit distriktspolitisk lys.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i ei organisering med små- og mellomstore skular, gjeve eit opplæringstilbod som etter alle parameter og offentleg statistikk over år har gjeve gode resultat. Både for gjennomføring, resultat og lågt fråfall har vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane lege i landstoppen.

Eit desentralisert opplæringstilbod som er tilpassa og dimensjonert ut ifrå fylket sitt spreidde busetnadsmønster, og fylket sitt elevgrunnlag.

For Vestland Arbeidarparti vil det vere avgjerande viktig, å oppretthalde og vidareføre eit godt tilbod for vidaregåande utdanning, slik at elevane i nye Vestland fylkeskommune kan oppleve at dei får den beste vidaregåande utdanninga i landet 

Kva meiner du? Send oss di meining merka #Meiningar til tips@porten.no, og ditt innlegg kan bli publisert her. 

Opplæringstilbod i nærleiken av heimstaden

Så vel i dei store byane som i bygdesamfunn i distrikta, skal elevane ha rett på eit likeverdig offentleg utdanningstilbod.

Å gje eit tilbod som gjev elevane i så stor grad som råd, mogelegheit til å bu på heimstaden i vidaregåande alder, er eit av dei viktigaste og sterkaste tilboda som kan gjevast på lokalt og regionalt nivå. Vestland Arbeidarparti sitt program er tydeleg på at vi ynskjer å innføre inntaksregionar i Vestland fylke.

Dette for så langt råd sikre at ungdommane får sjanse til å ta utdanning på nærskulen. Det vil og vere eit viktig trekk for å sikre oppretthaldinga av ein desentralisert skulestruktur i Vestland fylke.

Lokal skulegang gir tryggleik

Arbeidarpartiet sitt landsmøte 2019 har i sitt distriktspolitiske vedtak, tydeleg påpeika viktigheita av at så få 16 åringar som mogeleg skal ut på hybeltilvære, dersom dei ikkje ynskjer det sjølve.

Å tilby vidaregåande opplæring ut ifrå ein desentraliserert modell gjev ungdommen tryggheit i eigne lokalsamfunn. Også for å kunne gje ei god og tilpassa fag- og yrkesopplæring, som er tilpassa lokalt næringsliv, spelar nærskulen ei svært viktig rolle. For rekruttering av fagarbeidar til privat og offentleg næringsliv er den lokale modellen den beste.

Vestland Arbeidarparti vil halde fast på ein desentralisert skulestruktur for vidaregåande opplæring, der dei elevane som ynskjer det skal ha tilbod om utdanning ved sin eigen nærskule.

Til toppen