SAMARBEID: Årdal Treningssenter og Stamina har inngått ein intensjonsavtale med intensjon om fusjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMARBEID: Årdal Treningssenter og Stamina har inngått ein intensjonsavtale med intensjon om fusjon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Inngår intensjonsavtale med stort helsekonsern

Det skandinaviske helse- og livsstilskonsernet Stamina etablerer seg i Årdal.

Årdals Treningssenter AS, betre kjent som Årdal Gym, og konsernet Stamina har inngått ein intensjonsavtale. Slike avtalar er særleg vanleg når det er snakk om oppkjøp av selskap, og i denne intensjonsavtalen ligg det ein intensjon om fusjon.

– Me er såpass trygge på kvarandre at me også i den intensjonsavtalen har ein intensjon om ein fusjon utan at eg går nærare inn på når. Ein intensjon om fusjon er ikkje det sama som at det er avgjort, men me har eit mål om å klara dette saman, seier Ole Vidar Øren.

Men samarbeidet er allereie på plass, og Stamina vil etablere kontor i Årdal med Henri Henell som nytilsett. Stamina skildrar seg sjølv som ein innovativ folkehelseaktør med brei fagkompetanse og ei integrert leverandørkjede innan bedriftshelse og trening, førebygging og behandling. 

Positiv

Dagleg leiar for Sogn og Fjordane, Wenche Elveseter, ser svært positivt på intensjonsavtalen.

– Me er ei helse-, trenings- og rehabiliteringskjede, og det er me størst i Noreg på. Me brenn for og ønskjer å bidra til ei god folkehelse. Her på huset vil me få både helse, trening og rehabilitering i form av at bedriftshelsetenesta skal ha bedriftshelsetenestekontor her. Det er nytilsette Henri Henell som vil vera her i tillegg til at det allereie er ein fysioterapeut her.

– Og så har me eit flott, moderne treningssenter med dei fleste fasilitetar, og eg har eit veldig positivt inntrykk av det. Som Ole Vidar seier, er det ikkje berre supermosjonistar som trenar her, men alle. 

Tenker nytt

Årdal Gym har eit medlemstal på rundt 550 medlem i dag. Ut frå folketalet i kommunen, er dette noko eigarane er nøgde med, likevel ønskjer dei å utvikle seg.

– Kva skal til for å behalde og auke medlemsmassen og gi eit betre tilbod enn i dag? Me har leite etter moglegheiter som ligg der, og dette er igongdrege for bygdas beste fordi dette er helseførebyggande arbeid i praksis, seier Øren.

– Me har prøvd å laga tilbodet meir lågterskel. Det er viktig å treffa litt fleire enn akkurat dette midtskiktet aldersmessig som me veit er interessert i treningssenter. 

– Når me då registrerte at Stamina Helse, som etter mitt syn er ein jordnær og landsomfattande organisasjon som inn mot dette med helse og førebygging og driv mange treningssenter i dag, så er det så mange faktorar som gjer at me finn kvarandre på ein god måte, legg Øren til.

Fagleg tyngde

Han kallar dette ein vinn-vinn-situasjon, der dei to selskapa kan løfta kvarandre med forankring i Årdal. Han påpeikar også at det er viktig at ein tryggar driftsgrunnlaget ved at ein har eit godt produkt.

– Me er folkelege og jordnære og tilsetje lokale folk og har lokal forankring, og så har me det store konsernet i ryggen som gir oss den breidden og faglege tyngda. Me kan dra lærdom av dei suksesshistoriene ein har her i Noreg og sette i det i verk her, seier Elveseter.

– Me har mange års erfaring frå helse og livsstilskonsept. Me har kunnskap om ulike bedrifter, at me saman bidrar både på privat- og bedriftsmarknaden slik at tilsette opplever meistring, trivsel, førebygger at dei blir sjukmeldt eller hjelper folk tilbake i arbeid, for me jobbar også med det mentale. 

Meir kompetanse

Samatbeidet mellom dei to partane vil bli synleggjort ganske raskt, seier dei. Fungerande dagleg leiar, Ingeborg Rasmussen, ser på saka med positivt blikk.

– Det er kjempepositivt at dei vil forankra seg lokalt her. Det blir spennande at dei kan tilby helse, trening og rehabilitering for bedrifter og private. 

– Stamina er så store at dei kan komma hit med folk og kursa oss slik at me kan vidareføra det ut att til kundane, seier ho.

Rasmussen fortel vidare at torsdag neste veka skal dei ha open dag på senteret, der ein kan sjekke ut kva dei tilbyr, samt få ta ulike testar, som å sjekke blodtrykk og kolesterol.

Til toppen