STRATEGISK SAMARBEID: Byggmakker Andersen og Årdal Byggservice har inngått eit strategisk samarbeid, noko som inneberer at butikken til sistnemnde vert lagt ned på Årdalstangen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
STRATEGISK SAMARBEID: Byggmakker Andersen og Årdal Byggservice har inngått eit strategisk samarbeid, noko som inneberer at butikken til sistnemnde vert lagt ned på Årdalstangen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Inngår samarbeid med Årdal Byggservice

Byggmakker Andersen og Årdal Byggservice skal samarbeida om innkjøp av alle typar byggevarer.

Årdal: Det betyr at Årdal Byggservice legg ned sin butikk og trelastlager på Årdalstangen og vert ein ny, stor proffkunde hjå Byggmakker.

Bakgrunnen for avtalen er at Årdal Byggservice vil auke fokus på sin entreprenørdel og at det i dag er stor konkurranse i marknaden for byggevarer. 

– Tida er inne for oss å konsentrere oss om den delen av bedrifta som me ser sjølv at me har størst potensiale til å tena pengar på, og det er på snikkarar og entrenørar på byggeplass. Me har eit lite lager og trelastbutikk og klarar ikkje å konkurrere med Byggern og Byggmakker Andersen på innkjøp. Det har me ikkje ressursar eller folk til, seier styreleiar i Årdal Byggservice, Petter Sortland, til Porten.no.

Han trur dette vil vere positivt for innbyggjarane i Årdal, som no kan kjøpe varer hjå Byggmakker Andersen og få hjelp til å setja opp det nye kjøkkenet til dømes frå snikkarane til Årdal Byggservice. At butikken på Årdalstangen vert lagt ned, vil ikkje ha noko å seie for talet på tilsette.

Sikrar sysselsetjinga

Kjell Andersen i Byggmakker Andersen trur samarbeidet vil styrka både dei sjølve og Årdal Byggservice. 

– Me får tilført meir omsetnad, og dei kan ha fokus på handverk. Det er ein vinn-vinn-situasjon. Det er fleire handverkarar i Lærdal enn i Årdal, så eg har tru på at dersom dei får skikkeleg drift på det dei skal driva med, så kjem dei til å få ein vekst, seier Andersen, som meiner dette er med på å sikra sysselsetjinga.

– Det er klart det vil vere med og sikre sysselsetjing. Me har store utfordringar på vinter med mindre omsetnad enn i høgsesongen. No får me inn ein proff aktør med jamnt arbeid, så hjelper det på driftssituasjonen og tryggar arbeidsplassar, og eventuelt kan ein utvide viss ein får meir arbeid her i Årdal. 

Fram til no har det vore tre byggevareutsal i Årdal, noko som blir sett på som for mykje med tanke på storleiken på den lokale marknaden. No ser både Sortland og Andersen fram til å samarbeida. 

Til toppen