Kjetil Russenes i Sognefjorden kaffibrenneri driv gründerbloggen på Porten.no. Her skriv han om reisa frå idé til marknad.
Gründerbloggen
Kjetil Russenes i Sognefjorden kaffibrenneri driv gründerbloggen på Porten.no. Her skriv han om reisa frå idé til marknad. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Gründerbloggen

Innleiande runde og fram mot opning

No har eg fått summa meg litt etter ein hektisk sommar og tenkte eg skulle oppdatere dykk litt på ståa.

No er eg ikkje heilt sikker på kor mange halvferdige blogginnlegg eg har liggande på dataen. Det er ikkje få…

Sist eg skreiv eit blogginnlegg hadde eg nett fått innvilga støtte frå Innovasjon Norge og var ganske godt nøgd med det. (Eg var heilt bananas i ekstase). Etter det har det gått slag i slag. Når ein plutseleg får moglegheit til å gjennomføre eit utal av planar ein har klekt ut, blei det travelt!

Ein del av dei som bestilte kaffi på førehand har fått fylt opp kvoten sin med spesialkaffi, medan andre ventar. Dei av dykk som har fulgt lokale media med eit fast blikk, har kanskje sett at eg selde noko kaffi på dampskipskaien i Sogndal tidlegare i sommar, i forbindelse med første produksjon. Det viste seg å være ein ganske god ide med ein aldri så liten forsmak. I løpet av den siste tida har eg fått hausta erfaringar knytt til dette, alt frå å sette opp rutinar for fakturering og rekneskap,  tankar om endring av design på posane, og ikkje minst… alt mogleg anna. 

Eg meiner at eg har høyrt strofa «du må berekne meir tid enn du trur», eit par gangar. Eg berekna igrunn ikkje så mykje meir tid enn det eg trudde, det er noko eg nesten angrar på. Eit tips til alle som startar opp noko: ver så vage som mogleg når det kjem til datoar for ymse milepålar – dei har ein tendens til å bli flytta på. Ting går sjeldan heilt etter planen, noko som gjev særskilt bra spelerom for kløktig improvisasjon.

Hei! Eg har jo gløymt ein vesentleg ting! Sognefjord kaffibrenneri har no fått seg LOKALER! Fjørevegen 22, no ein traust parkeringsplass i utkanten av Sogndal sentrum, i framtida – ei tilsynelatande utømmeleg oppkomme av nybrend kaffi, triveleg atmosfære og på det jamne smilande og blide menneskje! Herreminhatt så eg gler meg til å begynne å flytte inn. I går blei det lagt golvbelegg, i morgon skal pipa installerast, før eg skal inn med litt inventar, utstyr og godvilje. I det siste har eg også spekulert litt i lag med Sogn Piperehabilitering om å få sette inn den perfekte pipa til kaffibrennaren – noko som truleg er viktigare enn du trur, når det kjem til kvaliteten i produkta.

Eg må nesten legge inn eit aldri så lite avsnitt om førre fredag også. På morrakvisten hadde eg ei aldri så lita aning om at brennaren begynte å nærme seg Sogndal. Eg tykte eg kjende det i foten. Fram med mobilen for å sende ei melding til den lokale Schenker-sjåføren. «God morgon, har du ein palle på ca 700kg til meg i dag?». «Ja, er der om 30 min…». «…».

«…».

Og med eit var det jul, 17. mai, bursdag og sankthans på same tid. Etter litt spekulasjon kom vi fram til at boksen var for stor til å få av traileren på forsvarleg vis. Kva ein gjer dersom ein ikkje klarar å løfte noko? Spør om hjelp såklart. Til kineskiske turistar sin fornøyelse sprang eg gjennom fjøra, rett inn på Lerum til Helge –
«Hjelp?»
«Jaja, såklart. Kjell, kan du komme ut med trucken?»
«Kva med sylta?» *
«Lat ho være, ingen et sylte utan kaffi»*
Smikk, smakk, smokk. Så var det gjordt.
(*tull)

Kjapt oppsummert: Det her går ganske så bra, dog ting tek lenger tid enn eg tidlegare hadde håpa på. Eg trur eg har fått eit litt meir realistisk blikk på kor lang tid eg må berekne på ulike aktivitetar. Samt ta meir høgd for at ting ikkje går heilt etter planen. Til dømes gav eg optimistisk uttrykk til journalistar om at eg satsa på opning i byrjinga av august. Dette viste seg å ha ein viss effekt i form av telefonar frå folk som vil bestille kaffi. Det ligg ein lærdom i dette også – begynn eller avslutt alle setningar med; «viss ting går etter planen». 

Til toppen