Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane og Olve Steinset, leiar av Raudt Bremanger
Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane og Olve Steinset, leiar av Raudt Bremanger (Foto: Privat)

MEININGAR

– Innleigde vikarar frå kommersielle bemanningsbyrå splittar arbeidsplassen

Det skriv Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane og 4. kandidat for Raudt Vestland og Olve Steinset, leiar av Raudt Bremanger, i dette meiningsinnlegget.

Nei til kommunal bruk av bemanningsbyrå

I ein artikkel på nettstaden Fri Fagbevegelse står det at kommunane no kjøper helsevikarar frå bemanningsbyråa for over éin milliard kroner i året.

Artikkelen byggjar på tal henta inn av Norsk Sjukepleiarforbund i samarbeid med Burson Cohn & Wolfe, og syner at det har vore ei tydeleg auke i kommunane sin bruk av bemanningsbyrå frå 2012 til 2018, med nesten ei dobling i bruken av bemanningsbyrå i denne tidsperioden.

Aurland flest innleigde helsevikarar

Aurland er den kommunen i Noreg som nyttar mest pengar på helsevikarar frå bemanningsbyrå per innbyggjar, med 18.870 kroner per innbyggjar.

Bremanger kommune ligg på sjuande plass, med 3.656 kroner per innbyggjar nytta på helsevikarar frå bemanningsbyrå.

Splittar arbeidsfellesskap

Då EU sitt vikarbyrådirektiv vart tatt inn i norsk lov åtvara Raudt imot at det kom til å føre til ei klar vekst i bemanningsbyråbransjen.

Vi ser no at vi dessverre hadde rett i våre åtvaringar. Bruken av bemanningsbyrå førar til oppsplitting av arbeidsfellesskap og utgjer i seg sjølv ei auke i førekomsten av mellombels tilsetjing i arbeidslivet.

Når bemanningsbyrå vert nytta i offentleg sektor, utgjer dette òg ein form for privatisering, som førar til at pengar som er løyva til skattefinansierte tenester òg bidrar til å auke profitten til eigarane av privateigde, kommersielle selskap.

Fast tilsetjing bør vera hovudregel

Raudt meiner at fast tilsetjing bør vere hovudregelen i arbeidslivet. Kommunane bør difor heller byggje opp ein kommunal vikarpool med eigne fast tilsetje enn å hente helsevikarar frå kommersielle vikarbyrå.

Ei meiningsmåling, gjennomført av Sentio for Fagforbundet i juni i år, syner at over halvparten er samde i at private ikkje bør få ta ut profitt frå offentlege velferdstenester. Raudt er samd med dette fleirtalet, og oppmodar difor kommunane til å slutte å nytte kommersielle bemanningsbyrå.

Til toppen