BLEMME: Det var i ein intern e-post at ein tilsett i Innovasjon Norge omtalte bringebærbonde Petter Andresen frå Lærdal som «ikkje heilt god».
BLEMME: Det var i ein intern e-post at ein tilsett i Innovasjon Norge omtalte bringebærbonde Petter Andresen frå Lærdal som «ikkje heilt god». (Bilde: Privat)

Innovasjon Norge med e-postblemme om bringebærbonde frå Lærdal: «Denne karen er ikkje heilt god»

Mannen bak Frigard, Petter Andresen, reagerer på korleis han vart omtalt internt i ein e-post. Fylkesdirektøren beklagar.

Lærdal: Måndag 2. oktober vart det sendt ein e-post frå ein tilsett i Innovasjon Norge (IN) i Sogn og Fjordane som ikkje var meint å sjå dagens lys. 

«Denne karen er ikkje heilt god...», stod det e-posten om Andresen, som Porten.no har fått tilgang på.

– Eg vert bekymra over måten dei omtalar meg på internt. Eg er klar over at eg kan vera ein krebjande kar, men ofte er det slike som får verda framover. Krafta eg representerer har gjort ein god del for bringebær i Lærdal og landet elles. Då er det trist å sjå at dei omtalar oss sånn, seier Andresen til Porten.no.

Beklagar

Direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, beklagar og seier det var ein glipp.

– Det var ein glipp av meg at ein sånn sleivete kommentar kom ut. Den burde aldri ha vore sendt ut. Eg beklagar det sterkt, og det har eg også gjort til Petter. Me skal behandla alle med respekt og på ein skikkeleg måte, seier direktøren.

– Den var meint internt og var vel eit resultat av litt frustrasjon over ein dialog som har vore krevjande, legg han til. 

Bad om støtte

UTVIKLINGSPROSJEKT: Bonden har jobba med eit nytt dekkesystem for buskene sine, og det har vore nokre misforståingar rundt kva han skulle få støtte til.
UTVIKLINGSPROSJEKT: Bonden har jobba med eit nytt dekkesystem for buskene sine, og det har vore nokre misforståingar rundt kva han skulle få støtte til. Foto: Privat

Den frustrasjonen byggjer på ei sak om tilskot til eit prosjekt som Andresen har jobba med på garden sin. I lang tid har han sett behovet for eit nytt dekkesystem for bringebæra. Han definerte eit utviklingsprosjekt og fekk støtte for det. 

Samstundes som prosjektet føregjekk ville dei testa ut om dette faktisk fungerte. Difor vart 28 mål dekka med det nye systemet i Lærdal. Så er det slik at han eigentleg burde ha søkt om tilskot til dekkinga før ein startar investeringa.

– Den hadde eg mistforstått. Eg har opplevd i fleire år at tilskota til dekkesystem på bringebær ligg som fast standardtilskot. Det er dumt at eg ikkje har opplevd det annleis, for eg kjenner systemet til Innovasjon Norge godt, og at ein må søke før kostnadene påløper. Der har eg misforstått, forklarar Andresen.

EØS-regeleverket hindrar

Det er EØS-regeleverket som seier at Innovasjon Norge ikkje kan godkjenne såkalla «historiske kostnader». Her er departementet heilt kategoriske, forklarar Flatland.

– Dersom eit prosjekt skal få støtte, kan det ikkje vera igongsett før det får tilsegn om støtte. Det er regelverket som set avgrensingane, og dette veit Andresen veldig godt om. 

Andresen sette seg ned og formulerte ein søknad i ettertid og fekk avslag. Han meiner det er ei rar haldning av Innovasjons Norge og meiner dei heller burde stilt seg på hans side slik at dei saman kan finne løysingar. Han meiner også uttestinga burde sjåast på som ein del av forprosjektet.

– Det er han som har laga søknaden, ikkje me. Me har forholdt oss til det han skreiv til oss og finansiert det. Eg er litt samd i at det ikkje ville ha vore unaturleg med ein test på nokre mål, men sidan han ikkje hadde tatt det med, vart det heller ikkje finansiert, seier Flatland og seier dei har som grunnhaldning å bistå bedriftene, men at dei ikkje kan gjera ting dei ikkje har lov til.

Vil late juristar sjå på saka

For Andresen er det snakk om ei investering på 1,2 millionar kroner. Støtten frå Innovasjon Norge ville ha utgjort ein fjerdedel, men på grunn av misforståinga vil dei ikkje få pengane.

– Det er fatalt for Frigard, både reint økonomisk, men òg motivasjonsmessig. Det er ikkje slik det skal vera, meiner Andresen og seier han vil late juristar sjå på saka.

– Finst det moglegheiter for unntak? Har Innovasjon Norge gjort jobben sin med å informera godt nok, go er det riktig at dei skal ha ei slik rolle eller stille seg på mi side og utfordra reglane? Det er interessante forhold eg ønskjer å belysa.

Til toppen