Sogndal: – Verkemiddelapparatet skal sitja oppe, så skal me ha gründerane her nede. Teknologiverksemdene nLink og Rocketfarm skal sitja på andre sida av kaffibaren og driva utvikling, så skal me ha Gründersenter her, seier fungerande næringssjef i Sogndal kommune, Torgeir Skålid.
Bygginga av det 1500 kvadratmeter store innovasjonsbygget som etter planen skal stå klart i oktober 2018 er godt i gang.
På Gründersenteret vil ein finna Sogn Næring og Kunnskapsparken, som har slått saman to funksjonar. Sogn Næring har eit gründerkontor som er lågterskeltilbod til lokale idémakarar. Kunnskapsparken har sin inkubator som dei finansierer gjennom SIVA.

– Tanken er at dette skal bli mykje meir enn berre bygget. Me skal tilby kontorplassar, møterom, prosjektorar og kaffi til gründerar, men det viktigaste her er å putta på ei komplett kunnskapspakke til gründerane. Her er jo høgskulen og Vestlandsforskning vesentlege, men me vil også putta på kompetanse innan økonomi, bank, revisjon, rekneskapstenester. Me ønskjer i det heile ein ein haug med tenester inn i bygget, forklarar Skålid.
Vil gje tilbod til gründerar i regionen
Og ambisjonane er det ikkje noko i vegen med:
– Me har mål om at dette skal bli den viktigaste start-up-plassen utanfor storbyane i Noreg. Og det meiner me at me har gode føresetnader for å få til. For me har verkemiddelapparatet, kunnskapsinstitusjonane og eit veldig aktivt næringsliv, seier Skålid.
Næringssjefen er svært klar på at poenget på ingen måte er å «stjela» gründerar frå nabokommunane, men å støtta opp om dei.
– Me har ikkje sett denne modellen nokre andre stader, så me har kome opp med den sjølv. Me trur det er rett å koordinera kreftene slik, men sjølvsagt med nodar ute i bygdene. Det er ikkje noko målsetnad om å flytta ein gründer frå Lærdal, Aurland eller Balestrand, men at dei skal ha eit tilbod om å sitja hjå oss og skapa sine verksemder ute i regionen vår.
– Rett måte å tenkja på
Innføringa i kva innovasjonsbygget skal bli gav Skålid til ei gruppe politikarar frå Kristeleg Folkeparti på valkamprunde i Sogndal. Førstekandidat til Stortinget for KrF i Sogn og Fjordane, Tore Storhaug, likte det han såg og høyrde.

– Det er så rett måte å tenkja på, sa han, og eksemplifiserte med Sogn sin "nye Herman Friele", kaffigründeren Kjetil Russenes, som fører Gründerbloggen på Porten.no.