Måndag morgon like etter klokka 06:00 er det trøbbel på ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik.
I ei pressemelding opplyser Norled om at A-ruta er innstilt grunna tekniske problem. Det er normal drift på B-ruta.
Det er endå usikkert kor lang tid det tek før rutene går som normalt igjen.