3000 TURISTAR: Onsdag la cruiseskipet MS Musica med sine 3000 passasjerar til i Flåm. I løpet av kort tid har det lokale reiselivet måtta kaste seg om for at turistane skal få eit litt anna opplegg etter raset tysdag. Foto: Arne Veum.
3000 TURISTAR: Onsdag la cruiseskipet MS Musica med sine 3000 passasjerar til i Flåm. I løpet av kort tid har det lokale reiselivet måtta kaste seg om for at turistane skal få eit litt anna opplegg etter raset tysdag. Foto: Arne Veum.

Innstilt på å leggja til rette for turistane

Med E16 stengt i Gudvangen påverkar det også reiselivstrafikken. 

Flåm: Fellesferien bidreg til ein av dei mest hektiske periodane på norske vegar. Når ein så viktig veg som E16 vert stengt, påverkar dette naturlegvis trafikken.

Men også det lokale reiselivet får raskt merke utslaget dette gir. Etter at steinmassene traff vegen tysdag ettermiddag, har reiseselskapet fått eit voldsomt trøkk.

– Det påverkar oss på ein slik måte at me får mykje arbeid. Dei første par dagane går det mykje tid til kansellering og ombooking, men me har likevel stort sett fulle tog, seier driftssjef ved Flåmsbana Alf Strømsnes. 

Travel veke

Dette er ei av dei mest travle vekene i løpet av sommaren, fortel ordførar i Aurland Noralv Distad. Han seier alle er innstilt på at turistane skal få dei opplevingane dei ønskjer sjølv om raset skapar noko trøbbel.

– Det ligg eit mindre skip til kai i dag med passasjerar som er på utflukter, men det kjem eit stort skip som tar 3000 passasjerar seinare. Sidan vegen er stengt, set dei av 400 av desse i Vik. Desse tar buss til Voss og toget vidare til Flåm. Det er dyktige agentar som jobbar med dette for at passasjerane skal få best moglege opplevingar, seier han.

– Alle er innstilt på at turistane skal få dei opplevingane dei er her for. Dette er jo den veka med størst omsetning i det lokale reiselivet. Då er det viktig at ein klarar å ha tilbod gåande slik at me ikkje mistar inntekter, legg han til.

– Takla det bra

Strømsnes skildrar timane etter raset som «armar og bein», men opplever at dei fleste tar nyheita med ro.

– Utfordringa er å skaffe nok informasjon slik at me kan gjera jobben vår betre, men eg vil påstå at me takla det ganske bra, seier han. 

– Det kan hende reisande ikkje får det dei har kjøpt og bestilt, men eg trur ikkje mange var grinete. Det verkar som folk fekk god informasjon. Ein var tidleg ute med informasjon om at ikkje alle fekk fullført turen sin, og då fekk dei tid til å gjere nokre andre val. 

Til toppen