SAMHANDLING: Kristoffer Nystedt er innstilt på å samarbeide med andre aktørar for å gjere totaltproduktet Årdal så bra som mogleg i reiselivssamanheng. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SAMHANDLING: Kristoffer Nystedt er innstilt på å samarbeide med andre aktørar for å gjere totaltproduktet Årdal så bra som mogleg i reiselivssamanheng. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Innstilt på å samarbeide for reiselivet

For Kristoffer Nystedt er det viktig at det går godt med alle aktørar innan reiselivet dersom totalproduktet skal bli bra.

Årdal: Det har vore ropt etter lenge, men endeleg skal det satsast alvorleg på reiselivet i Årdal. Fredag møttest fleire aktørar frå bransjen for å diskutere korleis ein skal gjere dette om til næring. 

Det er Årdal Utvikling som tar initiativ til planarbeidet. Fredag kom aktørane med innspel som Torill Olsson i Mimir skal bearbeide og gjere om til ein overordna strategi som skal presenterast i mai. 

Også arkitektfirmaet Vardehaug er inne i biletet og skal bidra med sin ekspertise – alt for at ein skal lykkast med reiselivet i den tradisjonelle industrikommunen Årdal.

– Det er herleg, smilte dagleg leiar ved Klingenberg Hotell Erling Eggum etter at møtet var over. 

Artikkelen held fram under biletet.

– HERLEG: Det sa Erling Eggum etter oppstartsmøte for reiselivssatsinga fredag.
– HERLEG: Det sa Erling Eggum etter oppstartsmøte for reiselivssatsinga fredag.

Samhandling

Han er ein av dagens aktørar som har dette som levebrød. Det same gjeld for Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping og Svalheim Gard. For berre to år sidan kjøpte han campingen, så timinga kunne ikkje vore betre.

Nystedt er i likskap med dei andre innstilt på å samarbeide slik at alle kan nyte godt av kronene som forhåpentlegvis blir att i kommunen i framtida.

– For min del er det viktig med samhandling, at det er totalproduktet som blir bra og kan tilby ulike ting slik at ein når forskjellige segment av kundar. Eg har ingenting å tilby viss ikkje Utladalen Naturhus, Vetti gard og Avdalen gard for å nemna nokon, ikkje er der og vedlikeheld vegen til Vetti til dømes. Ein er avhengig av flinke medspelarar, fortalte Nystedt.

– Må støtte dei som er svoltne

Ole Magnar Nundal er styreleiar i stiftinga Utladalen Naturhus. For han har arbeidet med naturhuset vore noko ein driv med på fritida, men han deler synspunkta.

– Me har mykje meir å vinna enn å tapa ved å dela. Det er mogleg me har halde korta litt for tett til brystet her i Årdal, men eg har inga bekymring for å dela, sa han. 

Han meiner det no blir viktig for Årdal at ein støttar opp om dei som er svoltne på å gjera dette til sitt levebrød, som Eggum og Nystedt.

– Du treng dei folka. Til no i Årdal har me hatt for få av dei som er svoltne på å gjere dette til eit levebrød. Folk har vore tilknytt industri og kommunal sektor og har ikkje måtta tenkja på levebrødet utover det. 

Må skaffe trafikk

– Han seier noko viktig. Både eg og Kristoffer har ledig kapasitet, så dette tvingar seg fram. For vår del er me nøydd til å skaffe trafikk, la Eggum til. 

Hotellsjefen trur utfordringa no blir å finne dei få attraksjonane og produkta som ein skal satse på for så å byggje aktivitetar rundt dette igjen. 

– Me kan ikkje ta alt på ein gong.

Men gleda er iallfall stor blant dei tre for at reiselivet endeleg vert satsa skikkeleg på.

– Eg er veldig glad for det. Det er viktig at det er fleire aktørar som kjem på bana og kan dra lasset. Det er kjempebra at det er så mange interesser for ulike ting som kan gjera eit løftar totalproduktet Årdal opp, sa Nystedt. 

Til toppen